Hopp til hovedinnhold

Avreisa frå København

Måleriet skildrar avreisa til den norske kongefamilien frå København den 23. november 1905.

Den historiske ferda skjedde berre fem dagar etter at prins Carl hadde takka ja til den norske trona og kunngjort at han tok namnet Haakon VII.

Historikk

På avreisedagen vart prins Carl og prinsesse Maud køyrde med hest og gullkaret frå heimen sin i Bernstorffs Palæ i Bredegade og ned til kaia der kongeskipet Dannebrog venta. Langs køyreruta gjennom sentrum og på hamnepromenaden Langelinie hadde ei stor menneskemengd møtt fram for å vinke dei kongelege farvel. Utseglinga til Dannebrog frå Frihavn var ei høgtideleg og for mange ei kjensleladd hending. Tor Bomann-Larsen skildrar avskjeden med det danske folket på denne måten: ”I det skipet legger fra kai, står det norske kongeparet på hjulkassen og vinker, han med sin mørkeblå admiralshatt, hun med den hvite muffen. Musikken spiller og solen skinner gjennom et lett dis av røk som stiger tilværs fra saluttkanonene.” To danske og eitt engelsk marinefartøy eskorterte kongeskipet Dannebrog på reisa.

Måleriet var del av ei større folkegåve frå den danske befolkninga til kroninga i 1906. Blant anna fekk kongeparet fem måleri utførte av ulike danske kunstnarar. Eit telegram frå Danmark attgjeve i Morgenbladet fortel om intensjonen bak denne delen av folkegåva: ”Billedernes karakter og Inhold har været bestemt ved Ønsket om, at de skulde tjene kongeparret til Minde om dansk Natur, og om hva der har været dem Særlig kjært i Danmark.” Måleriet vart eit kjært minne for Kong Haakon; det hang heile regjeringstida hans på kongens arbeidsrom.

Kunstnaren

Verket er måla av den danske marinemålaren Vilhelm Arnesen (1865–1948). Han blir gjerne omtalt som den siste i rekkja av store marinemålarar i Danmark. Som ung vart Arnesen ved fleire høve invitert med på tokt av den danske marinen. Om bord på Korvetten ”Dagmar” i 1895 vart han introdusert for daverande sjøoffiser Prins Carl. Dei utvikla ein ungdomsvennskap, og Prins Carl inviterte seinare Arnesen med som gjest på reiser. Da Dannebrog segla ut frå København den 23. november 1905, var Vilhelm Arnesen med i følgjet. Som fleire av dei tidlegare marinemåleria til Arnesen er motivet og dei faktiske hendingane skildra på ein naturalistisk og livfull måte.


Materiale

Olje på lerret

Mål

118 x 176 cm.

Signatur

Sign. n.t.v.: Vilh. Arnesen 1905-1906


Inventarnummer: DKS.003351

 

04.06.2012

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook