Hopp til hovedinnhold

Markblomster

Jakob Weidemann var ein av dei mest ruvande kunstnarane i sin generasjon og ein føregangsmann for innføringa av det abstrakte måleriet i Noreg. Måleriet Markblomster var ei gåve til Kong Olav på 70-årsdagen hans frå Noregs høgsterett.

Lyset er gått inn som en bevisst del av min filosofi, mitt svar til livet. Jeg ønsker lyset og den stille stemmen som er særegen for naturen, nettopp i det kaos som verden er i dag. Jeg setter lyset opp mot alle krefter jeg ikke har noe til overs for ¹.

Jakob Weidemann

Jakob Weidemann (1923–2001) var ein av Noregs viktigaste etterkrigskunstnarar og ein sentral aktør i norsk kunst- og kulturliv gjennom meir enn 50 år. Han deltok på Venezia-biennalen i 1967, var festspelutstillar i Bergen to gonger og er representert i dei fleste offentlege og private samlingane i landet.

Weidemann blir rekna som den som opna for det abstrakte måleriet i Noreg. Det har vorte sagt om han at «han var den som brakte internasjonalismen hjem og omformet den til et sterkt personlig formspråk med røtter i det nasjonale – det norske landskap»². Få har nådd ut til ein større publikumsskare enn han, han var ein av dei mest folkekjære kunstnarane i si tid, men vart etter kvart òg ein av dei mest utskjelte, postmodernistane som kom etter han, hadde lite til overs for kunsten hans..

Weidemann brukte naturen som den viktigaste inspirasjonen og referanseramma, men brukte han ikkje i konkrete, gjenkjennelege motiv. Han formidlar heller erfaringar og inntrykk; fargar, former og strukturar i skog og mark, gjennom eit ekspressivt, abstrakt formspråk..

Markblomster

Markblomster, som vart gjeve av Noregs høgsterett til Kong Olav V på syttiårsdagen hans, vart måla i 1971. Det er i eit relativt lite format; 55 x 45 cm. Weidemann begynte å måle markblomster mot slutten av 1960-talet. I markblomsterbileta er det spesielt lyset, men òg det stofflege han er oppteken av; vårens under som mikrokosmos. Målingsstrøka er pastose og gjev tekstur til lerretsflata.

Dette kunstverket har, før det kom inn i dei kongelege samlingane, vore utstilt på Galerie Ariel i Paris. Det var i denne byen Weidemann først og fremst hadde den internasjonale basen sin. Gjennom eit kvart hundreår (1963–1988) stilte han jamleg ut verka sine her, og i 14 av desse åra var han tilknytt nettopp dette galleriet med ei rekkje utstillingar.

Mål:

55 x 45 cm

Inventarnummer: DKS.018108

 


 

1) Jakob Weidemann i samtale med E. Egeland i Jakob Weidemann: Penselstrøk i en generasjons bilde, J.M. Stenersens forlag AS, 1978, Oslo, s.124.

2) K. Hellandsjø, Weidemann, Storfuglen i norsk kunst, Chr. Schibsteds Forlag AS, Oslo, 2003, s. 112.

04.06.2012

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook