Hopp til hovedinnhold

Slottsplassen

Slottsplassen vart anlagd som paradeplass, og seremoniar er stadig ein del av livet på plassen. Fleire tusen passerer over plassen kvar dag, og om sommaren flokkar turistane hit.

Fleire offisielle seremoniar blir haldne på Slottsplassen. Her tek Kongen imot utanlandske statsoverhovud når det er statsbesøk. Her blir landets nye regjeringar presenterte. Her inspiserer Kongen med jamne mellomrom garden sin.

Der Kongehuset og folket møtest

Plassen er òg ein viktig møtestad for Kongehus og folk. Det viktigaste biletet på dette er barnetoget i Oslo som kvar 17. mai vandrar opp Karl Johans gate og passerer Slottet – der Kongefamilien helsar frå Slottsbalkongen. Tradisjonen vart innført av Kong Haakon, som møtte barnetoget her for første gong i 1906.

Vegen over Slottsplassen der Kongefamilien helsar frå Slottsbalkongen, er eit høgdepunkt på 17. mai. Foto: Heiko Junge, NTB scanpix

Også ved festlege høve som kongelege bryllaup og jubileum har Slottsplassen vore ein viktig møtestad. 

Møteplass i sorg og glede

Kong Olav V døydde 17. januar 1991. I dagane som følgde, vart Slottsplassen forvandla til eit hav av blomar og lys – tende av alle dei som ville vise medkjensle og dele sorga over bortgangen til ein kjær konge.

Da var stemninga ei anna 7. juni 1945, da Kongefamilien kom tilbake frå eksilet under den andre verdskrigen. Enorme menneskemengder fylte gatene og følgde ferda til Kongefamilien frå hamna og opp til Slottsplassen.

Jubileumsfeiring

Den 17. januar 2016 vart Kongeparets 25-årsjubileum feira her med skirenn og andre vinteraktivitetar for små og store. Arrangementet var ein del av regjeringa si jubileumsgåve til Kongeparet, og med store bidrag frå Noregs Idrettsforbund.

Kongeparets 25-årsjubileum vart innleidd med vinterleikar på Slottsplassen. Foto: Audun Braastad, NTB scanpix

Det vart ein festdag som Kongefamilien tok del i saman med dei mange som var møtte fram.  Ein reknar at mellom 30 000 og 50 000 menneske fann vegen til Slottsplassen denne dagen.

«Hurra for deg»

Også i 2012, da Kongeparets 75-årsdagar vart markerte, vart det feira på Slottsplassen. Heile 3000 barnehagebarn var inviterte på bollar og saft og song ein rungande «Hurra for deg som fyller ditt år» for Kongeparet.

Gardevaktstua      

Slottsplassen breier seg ut framfor fasaden til Slottet, men i det søraustre hjørnet av plassen finst eit anna, langt mindre bygg. Dette er vaktstua til Hans Majestet Kongens Garde. Ho vart oppført i 1845 og er eit av dei første husa i landet i sveitserstil. Det er den same arkitekten, Hans D.F. Linstow, som har teikna både slott og stue. Han oppdaga sveitserstilen under ei reise til Tyskland. Han meinte den var nært i slekt med norsk byggjeskikk, og da han kom heim til Noreg, teikna han fleire hus i denne stilen.

Gardevaktstua har hatt same funksjon heilt sidan ho vart teken i bruk første gong. Ho var opphavleg meint som ei mellombels løysing for Garden, men er i dag freda.

 

18.09.2018

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Fakta

Fakta om Slottsparken

Størrelse: 220 dekar
Omfatter omlag 1000 trær.

Slottsparken ble anlagt mellom 1824 og 1860, parallelt med Slottet som sto ferdig i 1849. Den eldste delen av parken kalles "Dronningparken" og har en historie som park helt tilbake til 1751.

Slottsparken har tre vannspeil på ca. 5200 kvadratmeter. De rommer ca. fem millioner liter vann. En del av Slottsparken er omlagt til blomstereng. Arealet tilsvarer seks fotballbaner.

Åpningstider

Det aller mest av Slottsparken er åpen hele døgnet, hver dag. Dronningparken er åpen om sommeren. Sesongen varer fra 18. mai til 1. oktober, fra 07.00 om morgenen til 20.00 om kvelden.

Foto: Liv Osmundsen, Det kongelige hoff.