Hopp til hovedinnhold

Dyrsku’n 150 år: Presseprogram

DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessen vil være til stede ved åpningen av Dyrsku’n i Seljord 9. september. Oppdatert med presseprogram.

Presseprogram er tilgjengelig som PDF via pekeren til høyre.

Pressemelding fra arrangøren:

Det blir storfeiring når landets største handels- og landbruksmesse feirar 150 år, 9. – 11. september. Dyrsku’n er meir livskraftig enn nokon gong og saman med våre gjester vil vi skape ein folkefest til glede for folk og fe, store og små.

Alt tyder på at Dyrsku’n i jubileumsåret vil bli den største landbruks- og matarrangementet i moderne tid.  Vi ventar mange besøkande og har reservert plass for over 740 utstillarar.

Sjølve jubileumsprogrammet er fredag kveld kl. 19.25 med Aasmund Nordstoga som programleiar. Medverkande Sondre Justad, Gunhild Sundli m.fl. Deretter går Hellbillies på scena.

Akkreditering

NB! Det er 2 akkreditaringar i år!

All presse som vil dekke Dyrsku’n må registrast og bere akkrediteringsmerkje. Parkeringsløyve sendast ut i posten på førehand

Opningsdagen 9. september:

Presse som ynskjer å få med seg Dyrsku’n /matkonferanse /akkreditering til den kongelege vitjinga 9. september sender e-post med navn, arbeidsstad, postadresse, funksjon og mobilnummer til fmteasp@fylkesmannen.no

Det blir to oppdateringsmøter og utdeilingar av akkrediteringsmerkje for den 9. september:

9. september kl 08.30 og 13.30 foran hovudporten på Dyrskuplassen. (Dei som berre skal dekkje matkonferansen og vitjinga til Kronprinsparet kjem kl 13.30)

For akkreditering 10. - 11. september:

Send e-post med navn, arbeidsstad, postadresse, funksjon og mobilnummer til Oda@dyrskun.no

 

Vi minner elles om pressekonferanse på Dyskuplassen /Sterke-Nils tunet tysdag 30. august klokken 11.00

Servering av rjomegraut og spekemat.

Velkomen til trivelege og inspirasjonsrike dagar i Seljord!

For mer informasjon, kontakt:

  • Yvonne Eilefstjønn, Sal- og marknadsleiar/presseansvarleg Dyrskun
    Telefon: 924 56 374, E-post: yvonne@dyrskun.no
  • Anne Spånem, kommunikasjonssjef Fylkesmannen i Telemark/presseansvarleg kronprinsparvitjinga
    Telefon: 977 00 391, E-post: fmteasp@fylkesmannen.no

 

 

 
Opprinnelig publisert 28. august. Oppdatert med presseprogram 8. september.

 

08.09.2016
Relaterte lenker