Hopp til hovedinnhold

Høstutstillingen 2016

H.M. dronningen er til stede ved den offisielle åpningen av Høstutstillingen 2016 lørdag 10. september kl. 13.00 . Akkreditering.


Pressemelding fra arrangør:

Høstutstillingen 2016

Kun for inviterte: 

Offisiell åpning lørdag 10. september kl. 13:00 

v/ kulturminister Linda Hofstad Helleland 

Hennes Majestet Dronningen vil være tilstede 

 

For presseakkreditering: 

Thea Urdal 

presse@billedkunst.no

 

"Høstutstillingen 2016 har ei ettertenksom og varsam nerve. Den har i seg eit alvor, men er samstundes forsiktig optimistisk i grunntonen. Det finnast til og med innslag av humor, sjølv om ein også gjennom latteren må erkjenne at mykje står på spel no.

At mennesket er sårbart og lev i ei utsett og kompleks tid er tydeleg til stades. Me finn arbeid som tematiserer det nomadiske og flyktige, og det at menneske i dag er på ytre og indre reiser, i spennet mellom det å være heimlaus og det å ha ein heim. Me ser tildømes at fleir er opptekne av natur og miljø, landskap og stader og av tilhøvet til dyr. Handverk er viktig, både tradisjonelt, manuelt og knytta opp mot teknologi. Gjennomgåande ser me ei vilje til å arbeide fram heilstøypte verk, sjølv når verket synast skjørt og spinkelt.

Tema i utstillinga er ikkje skrivne med store bokstavar. Dei er konkrete og tilgjengelege, men også antydande, og kjenslevart og poetisk framlagt. Dei er faktaorienterte og dei er abstraherte. Dei gjev plass til mottakaren sine erfaringar og vilje til å bidra med eigne forteljingar. Utstillinga viser at me lev i ei røynd med mange andlete.

Me håpar og trur at ein vil oppleve Høstutstillingen i år som ektefølt menneskeleg – i ordet si vide og opne forståing. Og kanskje dette kan seiast å være eit omdreiingspunkt: at kunsten framstår som ein søkande bidragsyter til ein større samtale.»

— Den Nasjonale Jury

 

----------------------------------------------------

 

For ytterligere informasjon og pressebilder,

kontakt kommunikasjonsansvarlig: 

Thea Urdal 

presse@billedkunst.no

(+47 ) 93 26 26 03

 

 

09.09.2016