Hopp til hovedinnhold

I fokus: Unge i Noreg

For Kronprinsparet er det viktig at dei som skal forme morgondagens Noreg, får brukt ressursane sine til beste for fellesskapet. Derfor er dei opptekne av å skape møteplassar der menneske kan få utvikla det beste av seg sjølve.

Gjennom Kronprinsparets fond støttar Kronprinsen og Kronprinsessa prosjekt for ungdom som står i fare for å falle utanfor.

Kronprinsparets Fond

Da Kronprinsparet gifta seg i 2001, ønskte dei seg ei gåve som kunne komme andre til gode. Regjeringa gav ei gåve i form av 1 krone per innbyggjar som gjekk til grunnkapitalen i Kronprinsparets Fond.

Fondet er i dag ei stifting som arbeider for å styrkje sjansane til ungdom, slik at så få som mogleg skal falle utanfor. Kronprinsparet sit i fondsstyret og deltek aktivt i arbeidet i samarbeidsprosjekta – gjennom workshops og deltaking på ulike aktivitetar i deira regi.

Vismennenes dag

Gjennom fleire år har Kronprinsparet invitert 60–80 unge leiarar heim til Skaugum til ei heildagssamling om temaet verdibasert leiing. Spørsmål som «Kva slags leiar vil du vere»? og «Korleis vil du bruke ressursane dine til beste for samfunnet?» har stått sentralt – og alle har fått sjansen til å delta aktivt i workshops med Kronprinsparet og eksterne rådgjevarar innan leiing.

Deltakarane på Vismennenes dag 2016 samla utanfor Skaugum. Foto: Christian Lagaard, Det kongelige hoffet.

Deltakarane representerer ei god breidde i det norske samfunnet – frå næringsliv og organisasjonar til akademia, politikk og kunstfeltet.

Temamiddagar

Kronprinsparet er opptekne av at menneske kan sjå nye sjansar og finne nye samarbeidspartnarar når gode møteplassar blir skapte. Derfor har dei i mange år arrangert og invitert til lunsjar og middagar heime på Skaugum knytte til aktuelle tema – der gjestene kan utveksle erfaringar og knyte nye kontaktar. Nokre av temasamlingane Kronprinsparet har invitert til, har eksempelvis handla om norsk musikkeksport, norsk design, kunstig intelligens, forsøpling av havet og unge gründerar.

 

28.05.2018

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook