Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen besøker Klepp

Torsdag 15. juni besøker H.K.H. Kronprinsen Klepp. Først blir det nytt møte i hovudkomiteen for Eurosurf, deretter deltar Kronprinsen under Blått flagg-markeringa ved Friluftshuset på Orre.

Kronprinsen er som kjent medlem av hovudkomiteen for surfemeisterskapen som finn stad på Borestranda i haust. Han har derfor deltatt på fleire møte i regionen vår denne vinteren og våren. Torsdag er 15. juni er det nytt komitémøte.

Blått flagg-sertifisering av Orresanden

Kl. 13.00 same dag blir Kronprinsen med på markeringa av at Orresanden nå er miljøsertifisert. Det synlege beviset er det blå flagget. Markeringa skjer utanfor Friluftshuset og er eit samarbeid mellom Jæren Friluftsråd, Klepp kommune og organisasjonen Foundation for Environmental Education (FEE).

For å kunna heisa det blå flagget må fleire krav vera oppfylte, mellom anna knytt til badevasskvalitet, reine omgjevnader og toalett. Det er også krav til førstehjelpsutstyr og livredningsutstyr.

Til stades under markeringa

I tillegg til Kronprinsen deltar representantar for Klepp kommune, Jæren Friluftsråd, inviterte gjester og elevar frå Orre skule under markeringa, som varer om lag ein halv time.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekkja arrangementet på Orre, sender ein e-post med namn og kontaktinformasjon (e-post og mobil) til journalist/fotograf til John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland innan tysdag 13. juni kl. 12.00.

Meir informasjon

 

12.06.2017

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter