Hopp til hovedinnhold

Dronning Sonja vitjar UWC i september

21. og 22. september kjem H.M. Dronning Sonja til UWC Røde Kors Nordisk (UWCRKN) i Fjaler i Sogn og Fjordane.

Dronninga er UWCRKN sin høge beskyttar, og har følgt skulen tett sidan starten i 1995. Under besøket ønskjer skulen å løfte fram aktivitetar i utdanninga som fremjar inkludering.

Fylkesmannen vil i samarbeid med Slottet, UWCRKN og Fjaler kommune utarbeide eit eige program for besøket, og vi kjem tilbake med meir informasjon for presse og publikum.

Kontaktperson for spørsmål som gjeld UWCRKN:

  • Arne Osland, utviklingsdirektør UWC Røde Kors Nordisk: 57 73 70 15 / 91 70 18 16

 

30.08.2017

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter