Hopp til hovedinnhold

Kronprinsparet til Sykkel-VM

DD.KK.HH. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit vil vere til stades under Sykkel-VM i Bergen 24. september.

Kronprinsparet vil vere til stades i målområdet på Festplassen frå om lag kl. 15.45, og vil etter målgang delta under medaljeseremonien på Torgallmenningen, der Kronprinsen vil dele ut blomar til medaljørane.

I forkant vil Kronprins Haakon, i tidsrommet 12.30 13.30, sjå løypa saman med sykkelpresident Harald Tidemann Hansen, og ta ein stopp i «Laksebakken» der han møter Thor Hushovd.

Kronprinsparet kjem til Bergen med Kongeskipet den 24. september ca. kl. 09.00, og ankrar opp ved Vågen (Skolten).

 

14.09.2017

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Relaterte lenker