Hopp til hovedinnhold

Sikkerhetsprosjektet

Hausten 2018 starta arbeidet med nytt logistikkbygg og perimetersikring omkring Slottet og dei andre kongelege eigedommane. Det er to viktige element i arbeidet med tryggleiken rundt eigedommane.

På oppdrag frå Justisdepartementet gjennomførte Politidirektoratet ei vurdering av tryggleiken omkring Slottet og dei andre kongelege eigedommane. Sluttrapporten låg føre i 2015, og med den som utgangspunkt har Det kongelege hoffet arbeidd med å utvikle tryggleiken vidare. Etter å ha gjennomført moglegheitsstudie, forprosjekt og detaljprosjektering vart arbeida sette i gang i byrjinga av oktober 2018. Dei var forventa sluttførte i 2022, men som følge av utfordringar med gjennomføringa, vil prosjektet først bli ferdig i 2023.

Sikring rundt Slottsparken

Den såkalla perimetersikringa omkring Slottet er mest synleg for publikum. Den følgjer ytterkanten av Slottsparken og består av portar, pullertar, gjerde og murar, avhengig av området det gjeld. Det naturlege terrenget er utnytta i størst mogleg grad.

Målet er å hindre bilar som ikkje har vorte godkjende på førehand, i å køyre inn i parken og/eller opp til Slottet. Tiltaka er ikkje til hinder for fotgjengarar eller syklistar og heller ikkje for innsyn i parken. Det er eit svært viktig prinsipp at publikum skal ha den same tilgangen til Slottsparken som tidlegare.

Det er satt dynamiske pullertar i Slottsbakken. Desse kan hevast og senkast etter behov.

Dei dynamiske pullertane i Slottsbakken kan hevast og senkast etter behov. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet

I nokre område er det satt opp murar. Dei er 60 cm høge og er i ein del tilfelle vidareføringar av murar som alt finst.

Mur langs Parkveien. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet

Fastmonterte pullertar brukast som gjerde omkring andre delar av parken. Pullerten som er vald, er av ein type som heiter "Manchester".

Pullertar på plass langs Wergelandsveien. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet 

Dei fleste stadene vil det vere kjetting mellom pullertane, men her i krysset mot Litteraturhuset er det valt faste stag – av omsyn til trafikktryggleiken.

Dei fleste stadene er det kjetting mellom pullertane, men her i krysset mot Litteraturhuset er det valt faste stag – av omsyn til trafikktryggleiken. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet 

Der fotgjengarar og syklistar skal passere, er det sjølvsagt verken stag eller kjetting, og pullertane har eit mellomrom på 1,20 meter. Dermed kan både syklar, barnevogner og elektriske rullestolar passere.

Belysning

Som ein del av tryggleiksarbeidet har vi auka belysninga i Slottsparken. Dette arbeidet stod ferdig i 2019. Det vart i stor grad nytta vakuumgraving under arbeidet for å skåne trerøtene.

Nytt logistikkbygg

I 2022 vart byggearbeidet med eit logistikkbygg i Stallgården ved Slottet avslutta. Bygget skal bidra til sikker handtering av post og varer, blant anna ved at alle leveransar utanfrå vil gå til det frittståande logistikkbygget i staden for opp til sjølve slottsbygningen. 

Bygget ligg i Stallgården, delvis inn i terrenget mot Dronningparken. Dermed har bygget fasade berre mot stallbygningen og er lite synleg frå andre stader.

Logistikkbygget i Stallgården. Foto: Det kongelege hoffet

Sett frå Dronningparken er det først og fremst taket på bygget som vil vere synleg. Det er dekt av skiferaktige solceller og planter. Målet var at bygget skal være eit positivt eksempel på korleis eit nybygg kan passast inn i verneverdige omgjevnader. Riksantikvaren ga si tilslutning til prosjektet.

Det er ikkje mindre park som konsekvens av det nye bygget – men store delar av det som i dag tener som parkeringsplass for Det kongelege hoffet, forsvann. 

Eit miljøbygg

Det blei inngått avtale mellom Statsbygg og FutureBuilt, og det nye logistikkbygget er eit såkalla førerbiletebygg. FutureBuilt får fram prosjekt som viser at det er mogleg å utvikle klimanøytrale bygg med høg kvalitet.   

Du kan lese meir om miljøprofilen til logistikkbygget her

Det er gjennomgåande brukt materialar med lågast mogleg klimagassutslepp. Det er nytta både tre- og andre biomassebaserte produkt, resirkulerte materialar og nye, innovative løysingar for lågutsleppsbetong.

 

08.05.2023

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Fakta

Fakta om Sikkerhetsprosjektet

Sikkerhetsprosjektet ved Det kongelige hoff ble i hovedak sluttført i 2023. Prosjektet besto av flere elementer, og hadde en samlet kostnadsramme på 800 millioner (2022-kroner). Dette ble fastlagt under nysalderingen av statsbudsjettet i desember 2022. Det kongelige hoff bidro med vel 30 millioner fra egen likviditet.

Perimetersikring rundt Slottsparken

Formål: Å hindre kjøretøy i å ta seg inn i Slottsparken og/eller opp til Slottet uten tillatelse.

Byggestart: 2018
Ferdigstilt: 2023
Byggherre: Det kongelige hoff

Logistikkbygg

Formål: Sikker håndtering av post og varer, blant annet ved at alle leveranser utenfra vil gå til det frittstående logistikkbygget istedenfor opp til selve slottsbygningen. 

Byggestart: 2018
Ferdigstilt: 2022

Byggherre: Statsbygg
Oppdragsgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet (fra 2022 Kommunal- og distriktsdepartementet)

Bruker: Det kongelige hoff

Pullerter langs Wergelandsveien. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelige hoff