Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Kongelege beskyttarskap

Kongelege beskyttarskap har ein lang historisk tradisjon. I dag fungerer ordninga som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige delar av samfunnslivet.

I tidlegare, meir urolege tider kunne det ofte dreie seg om faktisk, fysisk vern i form av livvakter eller eit vernebrev. I våre dagar er føremålet at dei kongelige kan bidra til å auke kunnskapen og merksemda rundt desse organisasjonane og det viktige arbeidet dei gjer.

Tronskifte

I samband med tronskiftet fell dei faste kongelege beskyttarskapa bort i tråd med sedvane. Ordninga med beskyttarskap vil halde fram, og både eksisterande beskyttarskapsorganisasjonar og andre organisasjonar kan søkje om beskyttarskap.

Kongehuset vil leggje til rette for at eksisterande beskyttarskapsorganisasjonar kan søkje om fornya beskyttarskap. Søknadsfristen er 1. februar 2027. Alle dei eksisterande beskyttarskapsorganisasjonane er orienterte om dette.

Beskyttarskap

Kronprinsen i sportsutstyr sitter på huk ved siden av en parautøver i kjelke.
Som kronprins var Kong Haakon beskyttar for Ridderrennet. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet
Som kronprinsesse har Dronning Mette-Marit vore beskyttar for Fosseprisen og Fosseforedraget. Foto: Heiko Junge / NTB
Dronning Sonja har vore beskyttar for UWC Røde kors nordisk i ei årrekke. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Kven får beskyttarskap?

Både organisasjonar og enkeltståande arrangement som festivalar, utstillingar og konferansar kan få kongeleg beskyttarskap. Vanlegvis blir beskyttarskap for ein organisasjon innvilga for ein periode på fem år. Dersom organisasjonen ønskjer å halde fram med beskyttarskap, må dei søkje på nytt.

Dei kongelege kan følgje opp sine beskyttarskap gjennom audiensar der representantar orienterer beskyttaren om arbeidet sitt, gjennom deltaking ved ulike arrangement, og deltaking eller helsingar ved jubileum.

Nokre beskyttarskap har ei særleg lang historie. Prinsesse Astrid følgde Sanitetskvinnene i 72 år.

Kongelege fond

Støtta til gode formål kan òg skje direkte i form av eigne fond. Det finst tre kongelege fond som alle blir forvalta av eigne styre etter oppsette statuttar.