Hopp til hovedinnhold

Slottsarkitekturen

Det kongelege slott er eit trefløya anlegg i nyklassisistisk stil og tre etasjar. Bygningen er oppført av pussa teglstein.

Slottet vart bygd under kongane Carl Johan og Oscar I med danske Hans Ditlev Franciscus Linstow som arkitekt. Han hadde juridisk embetseksamen, men hadde også studert bygningskunst ved akademiet i København. I 1812 kom Linstow til Noreg, og da unionen mellom Noreg og Danmark vart oppløyst i 1814, bestemte han seg for å bli.

Dei første utkasta til teikningar av Det kongelege slott var alle baserte på eit stort H-forma anlegg med søyleboren tempelfront. Av økonomiske grunnar vart anlegget redusert.

Fasaden på Slottet slik Linstow så den for seg (Foto: Helge Hovland, Det kongelege hoffet)

Innreiinga

Innreiingsarbeida tok til i 1838, og i denne fasen var arkitektane Heinrich Ernst Schirmer og Johan Henrik Nebelong assistentar for Linstow. Innreiinga speglar mangfaldet i stilutviklinga fram mot midten av 1800-talet. Ein av dei leiande dekorasjonsmålarane på den tida, Peter Fredrik Wergmann, var ansvarleg for dei pompeianske dekorasjonane i Den daglige spisesal og Den store spisesal, mens målaren Johannes Flintoe utførte dekorasjonane i Fuglerommet.

Gjennom åra har det vore gjennomført fleire moderniseringar og utbetringar av Det kongelege slottet. Dei fleste ombyggingane har skjedd i samband med tronskifte.

"Alterdecoration til Slotscapellet i Christiania" tegnet av Linstow i 1837. Foto: Helge Hovland, Det kongelege hoffet.

Arkitektar og handverkarar

Fleire arkitektar og handverksmeistre var knytt til byggingen:

Slottsarkitekten: Hans Ditlev Franciscus Linstow (1787-1851)

  • Christian H. Grosch (Linstow sin  assistent til 1827)
  • Ole Peder Riis Høegh (Linstow sin assistent til 1827)
  • Heinrich Ernst Schirmer (Linstow sin assistent 1838-1841)
  • Johan H. Nebelong (Linstow sin assistent 1840-1848)
  • Carl Abrahamsen, snikkarmeister
  • Andreas Benthien, tømrarmeister
  • Hans Johansen Borge, snikkarmeister
  • Johan Henrik Bøhm, snikkarmeister
  • Pietro Natale Guidotti d.e., gips- og stukkmakar
  • Daniel Koch, snikkarmeister
  • Chr. H. Malling, tømrarmeister
  • Georg Marcus Nordraach, malarmeister
  • Sebastian Pfützenreuter, murmeister
  • Jens Conrad Seidelin, murmeister
  • Peter Christian Frederik Wergmann, malarmeister
  • Jacob Emilius Wunderlich, malarmeister
  • August Carl Wilhelm Thomsen, elev ved Kunstakademiet i København
23.09.2020

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Fakta

Fakta om Slottet

Grunnstensnedleggelse: 1. oktober 1825

Slottet tas i bruk: 1849

Slottets brutto grunnflate: 3.320 m²

Slottets areal: 17.624 m²

Hovedfløyens lengde: 100,8 m
Hovedfløyens bredde: 24,1 m
Hovedfløyens høyde: 23 m

Sidefløyenes lengde: 40,7 m
Sidefløyenes bredde: 14,3 m
Sidefløyenes høyde: 16 m

Slottets høyeste punkt: 25 m

Antall rom: 173
Antall vinduer: 340 (2 276 glassfelt)

Det kongelige slott. Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix