Hopp til hovedinnhold

Bygdø kongsgard

Kongsgarden ligg på Bygdøy i Oslo. Bygningen er ått av staten og er stilt til disposisjon for Kongen.

Staden vart nytta som sommarbustad av Kong Haakon VII og Dronning Maud frå 1906 og for Kong Olav V fram til 1991. Sidan sto Bygdø kongsgard tom, men frå sommaren 2007 vart han på ny teken i bruk av Kong Harald og Dronning Sonja.

Historie

Bygdø kongsgard har ein heilt spesiell plass i norsk historie. Det er den eigedommen i landet som har vore lengst i kongeleg bruk. Han har vore knytt til kongehuset vårt, gjennom eigedoms- eller disposisjonsrett, nesten utan avbrot heilt sidan kong Håkon V Magnusson gav Bygdøy i gave til den unge dronninga si, Eufemia, i 1305. Slik representerer Bygdøy ei 700 år lang historie knytt til kongehuset – først det norske, så det dansk-norske, deretter det svensk-norske og til sist det norske kongehuset etter 1905.

Historia til eigedommen kan førast tilbake til mellomalderen, da Bygdøy låg under klosteret på Hovedøya i indre Oslofjord. På byrjinga av 1800-talet vart kongsgarden teken i bruk som fyrsteresidens, og Kong Christian Frederik budde her i den korte perioden han var konge i 1814. Det var i Hagestua Kong Christian Frederik tok imot stortingsdeputasjonen som kom for å ta imot abdikasjonserklæringa hans den 10. oktober 1814.

I 1837 kjøpte Kong Carl Johan Bygdø Kongsgard av staten. Det var under han at omlegginga frå fransk barokk til engelsk landskapshage vart gjennomført. Dammen vart utvida til det han er i dag. Staden var kongefamiliens eigedom til 1863, da Kong Carl IV selde han tilbake til staten. Stortinget stilte så staden til Kongens disposisjon.

Sommarbustad

I 1905 begynte ein ny æra for Bygdø kongsgard og parken, da Kong Haakon og Dronning Maud gjorde staden til den faste sommarbustaden sin. Her levde dei i landlege omgjevnader, og Dronning Maud fekk dyrke interessa si for hagestell. Kong Olav nytta Bygdø Kongsgard i heile regenttida si.

Arbeidet med rehabilitering av hovudbygningen ved Bygdø kongsgard med interiør og parkar starta i 2003 og sto ferdig sommaren 2007 som sommarbustad for Kong Harald og Dronning Sonja.

Lystgard

Anlegget er òg eit av dei fremste eksempla i Noreg på lystgardstradisjonen i overklassen frå 1600–1700-talet. Over heile Skandinavia hadde overklassen på denne tida den faste vinterresidensen sin i byen, og til sommarbruk lét dei oppføre lystgardar like utanfor byen. Det som kjenneteiknar desse lystgardane, er at den representative sommarbustaden blir kombinert med aktivt gardsbruk for å dekkje vinterbehovet til eigaren i byen. På Bygdø kongsgard har denne klassiske kombinasjonen vore halden oppe frå byrjinga av 1600-talet og heilt til Kong Olav døydde i 1991.

Etter ønske frå Kong Harald vart bruksretten til gardsbruket og den omkringliggjande eigedommen overført til respektive Norsk Folkemuseum og staten den 1. januar 2004.

Arkitektur

Den noverande hovudbygningen vart oppført i 1733 av grev Christian Rantzau. Han var statthaldar i perioden 1731 til 1739, og bygningen var meint som sommarresidens. Alt i 1734 stod den nye garden hans der, i tidas stil, som eit symmetrisk barokkanlegg med hovudbygningen sentralt i bakgrunnen. Det vart oppført ein barokkhage i nær kontakt med huset.

Hovudbygningen på Bygdø kongsgard er eit av hovudmonumenta over panelarkitekturen frå barokken. Trass i diverse fornyingar er eksteriøret framleis prega av barokkarkitekturen frå det tidlege 1700-talet. Dei viktigaste interiøra i hovudromma er derimot prega av perioden frå 1750 fram til omkring 1810. Arkromma i andre og tredje etasje og dei underordna romma i første etasje ber preg av moderniseringsarbeida tidleg på 1900-talet.

Parken ved Bygdø kongsgard

Hovudbygningen må òg sjåast i samanheng med det verdifulle hageanlegget. Dette speglar utviklinga i norsk hagehistorie frå byrjinga av 1700-talet og fram til dei første tiåra av 1900-talet.

Det har truleg eksistert ein hage på denne staden sidan mellomalderen. Dei første skriftlege kjeldene frå rundt 1700 fortel at det da var ein hage i renessansestil. Frå 1780 starta stiftsamtmann Albert Philip Levezau ei forsiktig omforming, som blir ført vidare av grev Fredrik Moltke fram mot 1795, til ein hage med meir barokk karakter. Utover første halvdel av 1800- talet tek dei romantiske straumdraga meir og meir over, og frå 1840 blir hagen omforma til ein romantisk park.

Hagen vart utforma i engelsk landskapsstil midt på 1800-talet og vart utvikla vidare i denne stilen av dronning Maud i åra 1911-1938. Frå 1950 til 1980 blir parken i nokon grad prega av nytt plantemateriale som kjem til, men han går ikkje gjennom nokon strukturelle endringar.

I 2003, etter nokre år med redusert skjøtsel og byrjande forfall etter at Kong Olav gjekk bort, starta eit restaureringsarbeid for å setje hagen i stand til Kongeparet flytta inn i 2007.

 

09.11.2012