Hopp til hovedinnhold

Stiftsgården

Stiftsgården i Trondheim ligg sentralt til i paradegata i byen, Munkegata, rett nord for Torget. Dette bypaleet frå 1770-åra er ein av dei største trebygningane i Norden og er i dag den offisielle kongebustaden i byen.

Stiftsgården er ått av staten, blir forvalta av Statsbygg Midt-Noreg, og H.M. Kongen har disposisjonsrett. Da Prinsesse Märtha Louise gifta seg i Nidarosdomen i 2002, var det i Stiftsgården festen vart halden.

Historie

Det var enkjefru geheimrådinne Cecilie Christine Schøller som lét reise denne bygningen melom 1774 og 1778. Anlegget vart bygd som privatbustad for henne, og gjennom plasseringa og storleiken gav bygningen uttrykk for makt og rikdom. Dette overdådige paleet hadde meir enn 100 rom. I 1800 vart bygningen seld til staten for 10 000 riksdalar.

Han vart teken i bruk som bustad for stiftamtmannen, og såleis fekk garden namnet sitt. Men bygningen vart òg teken i bruk som kongebustad. Når Kongen var i byen, budde han i Stiftsgården, og stiftsamtmannen måtte flytte ut.

Stiftsgården vart gjennom 1800-talet særleg knytt til kroningane i Nidarosdomen. Første gong var i 1818, da Kong Carl Johan vart krona, seinare kroninga av Kong Carl IV i 1860 og av Kong Oscar II i 1873. Også kroninga av Kong Oscar I vart planlagd halden i 1844–45, men vart avlyst fordi biskopen nekta å krone Dronning Joséphine på grunn av hennar katolske tru. 

Etter 1906 har Stiftsgården vore ramma om kronings- og signingsfestane for Kong Haakon VII, Kong Olav V og Kong Harald V. Stiftsgården har òg vore utgangspunktet for prosesjonane til og frå domkyrkja. Det var i samband med kroninga av kong Haakon og Dronning Maud i 1906 at Stiftsgården vart den offisielle kongeresidensen i Trondheim.

Arkitektur

Stiftsgården blir rekna som eit av hovudverka i norsk arkitektur. Paleet er oppført i overgangen mellom rokokko og nyklassisisme, og begge stilartane kjem til uttrykk i bygningen. Fasaden er prega av ein enkel og stram nyklassisisme, mens rokokkoen kjem til uttrykk i detaljane. Anlegget består av ei hovudfløy med to sidefløyer. Stiftsgården er oppført i lafta tømmer og kledd med vekselpanel. Interiøret er for ein stor del resultat av kroningane på 1800-talet og i 1906.

Gardssida vender ut mot det opphavlege hageanlegget, Stiftsgårdsparken, som vart laga i rokokkostil.

Seinare arbeid

Stiftsgården er pussa opp fleire gonger – blant anna til signinga av Kong Olav i 1958. Etter kongeskiftet i 1991 vart det sett i verk ein utviklingsplan for Stiftsgården. Den totale renoveringa vart ferdigstilt i 1997.

Omvisning

Stiftsgården er open for publikum om sommaren. Sjå detaljar hos Nordenfjeldske kunstindustrimuseum, via peikaren til høgre.

09.11.2012