Hopp til hovedinnhold

Ledaal

Herregarden Ledaal er Kongens offisielle residens i Stavanger. Bygningen er eigd og blir forvalta av Stavanger Museum.

Ledaal vart oppført som sommarbustad av Gabriel Schanche Kielland mellom 1799 og 1803. Familien Kielland brukte Ledaal som representasjons-, fest- og sommarbustad fram til 1863.

Hovudbygningen vart innreidd som heilårsbustad av byfut Jacob Kielland (1825–1889). Sonen Jonas Schanche Kielland (1863–1930) var den siste i slekta som budde på Ledaal. Seks år etter at han døydde, i 1936, vart hovudbygningen og uthuset kjøpt av Stavanger Museum. Etter ei omfattande restaurering i 1949 har bygningen fungert som kongebustad, herregardsmuseum og representasjonslokale.

Festsalen på Ledaal. Foto: Espen Grønli

Namnet Ledaal er sett saman av dei siste bokstavane i namna til byggherren og kona hans: Gabriel Schanche Kielland og Johanna Margaretha Bull.

Forfattaren Alexander Kielland budde aldri sjølv på Ledaal, men han var ofte gjest og brukte Ledaal og omgangskrinsen til familien her som modellar i fleire av skildringane sine.

Arkitektur

Ledaal er det første murhuset i Stavanger, oppført av teglstein importert frå Holland. Den rektangulære to etasjes bygningskroppen, med det markerte midtpartiet og det store halvvalma taket, har sitt tydelege førebilete i dansk 1700-talsarkitektur med stiltrekk frå både barokken og rokokkoen.

Ledaal sett frå sørsida. Foto: Terje Tveit, Stavanger Museum

Første etasje har relativt små vindauge og tette skodder og dannar ein sokkel som framhevar andreetasjen – piano nobile – der festsalane er.

Opphavleg var bygningen kvitkalka, slik klassisismens ideal tilsa, med etasjeskiljar, vindaugskarmar og enkelte andre detaljar i lys sandstein importert frå Bornholm. I dag er han måla i raud sein-empirefarge som han fekk rundt 1850, med kvitmåla gesimsar og vindaugsomrammingar med djupe grøne skodder.

I høve Kongeparets 25 år på trona vart det invitert til hagefest på Ledaal. Foto: Carina Johansen / NTB

Omvisning

Ledaal er open for omvisingar. Sjå nettsidene til Stavanger Museum for meir informasjon.

 

13.12.2022

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook