Hopp til hovedinnhold

Statuttar for tildeling av Fortenesteordenen

Ordenen vart stifta av Kong Olav V 14. juni 1985. Same dag fastsette H.M. Kongen statuttane. Dei er seinare reviderte tre gonger, i 1986, 1992 og 2006.


Gjeldande statuttar vart vedtekne 27. juni 2006 og lyder:

§ 1
Denne Ordenen blir tildelt som lønn for framifrå fortenester for fedrelandet og menneskeslekta i utlandet, og dessutan til utanlandske borgarar i Noreg.

§ 2
Den regjerande Monarken i Noreg er Stormeister i Ordenen.

§ 3
Den eldste med arverett til trona blir tildelt den høgaste graden i Ordenen på myndigrettsdagen sin.

§ 4
Eit ordensråd som består av Sjefen for Det Kongelege Hoffet (Kanslar), Protokollsjefen i Det Kongelege Utenriksdepartementet (Visekanslar) og Kansellisjefen i Den Kongelege Norske St. Olavs Orden gjev tilråding til Stormeisteren i Ordenen om tildeling av Ordenar til personar som har gjort seg fortente til ei slik påskjønning.

Tildeling til Fyrstelege personar, tildeling til nordmenn og tildeling i spesielle saker skjer etter det Stormeisteren bestemmer.

Dersom det er nødvendig med ei rask avgjerd, kan saka i særlege tilfelle fremjast etter innstilling frå kanslaren åleine.

Innan 1. april kvart år legg Ordensrådet fram ein årsrapport til Stormeisteren.

Nærare reglar om arbeidsordning kan utarbeidast av Ordensrådet og leggjast fram for Stormeisteren til godkjenning.

§ 5
Møta i Ordensrådet blir leidde av kanslaren, som er leiar for rådet. Ordensrådet er ikkje vedtaksført dersom ein medlem er fråverande.

§ 6
Det Kongelege Utanriksdepartementet set opp Kanselliet for Ordenen.

Ved Kanselliet tenestegjer Kansellisjefen og sekretæren for Ordenen.

Kansellisjefen førebur sakene for Ordensrådet, leier Ordenskanselliet, som er ekspedisjonskontor for Ordensrådet, og utleverer på vegner av Stormeisteren ordensdekorasjonane.

Ordenssekretæren assisterer Ordensrådet og tenestegjer ved Ordenskanselliet.

Desse tenestemennene blir oppnemnde av Stormeisteren etter innstilling frå Kanslaren og Visekanslaren.

§ 7
Tenestemennene i Ordenen blir utnemnde i Ordenen og ber som embetsteikn i stillingane sine desse insignia:

  • Dei faste medlemmene i Ordensrådet: Kommandørkrossen
  • Kansellisjefen: Kommandørkrossen
  • Ordenssekretæren: Riddarkrossen
  • Etter at dei har gått av, kan tenestemenn ved Ordenen framleis bere dei nemnde insignia.

§ 8
Ordenen er inndelt i tre gradar:

  • Storkross
  • Kommandør, som er inndelt i to klassar:
    • Kommandør med stjerne
    • Kommandør
  • Riddar, som inndeles i to klasser:
    • Riddar 1. klasse
    • Riddar

§ 9
Insigna i Ordenen er desse:

Ein forgylt eller sølv Olavskross med ei enkelt krone i kvar av dei fire hjørna og innfelt ein likearma avrunda raud kross med Kong Olav Vs krona monogram i midten.

Storleiken på og utforminga av ordensteikna skal vere i samsvar med dei teikningane som Stormeisteren har godkjent. Ordenen skal berast i vatra mørkeblått band eller sløyfe.

Storkross:
Forgylt åttetakka stjerne der riddarkrossen 1. klasse er festa i midten. Stjerna skal berast på venstre side av brystet.

Skulderband, 10 cm breitt, vatra, mørkeblått, der det i knuten er festa ein kommandørkross slik det er skildra nedanfor. For damer skal det nyttast eit smalare ordensband, av same breidd som for kommandør herre. Dette bandet blir bore frå høgre skulder til venstre hofte.

Kommandør med stjerne:
Sølv åttetakka stjerne der riddarkrossen 1. klasse er festa i midten. Stjerna skal berast på venstre side av brystet. Forgylt kommandørkross i ordensband, 6 cm breitt, som av herrar skal berast rundt halsen.

Damer ber kommandørkrossen i sløyfe av riddarkrissbandet på venstre side av brystet. Til uniform skal kommandørkrossen berast av damer som for herrar.

Kommandør:
Forgylt kommandørkross i ordensband, 6 cm breitt, av herrar boren rundt halsen, av damer i sløyfe av riddarkross på venstre side av brystet.

Damer ber kommandørkrossen i sløyfe av riddarkrossbandet på venstre side av brystet. Til uniform skal kommandørkrossen berast av damer som for herrer.

Riddar av 1. klasse:
Forgylt kross i same utføring som kommandørkrossen, men mindre. Dette ordensteiknet blir bore på venstre side av brystet i eit 4 cm breitt band, av herrar i ordensband, av damer i sløyfe, begge i same breidd. Til uniform skal riddarkrossen berast av damer som for herrer.

Riddar:
Sølv kross i same utføring som riddarkrossen 1. klasse. Dette ordensteiknet blir bore på venstre side av brystet i eit 4 cm breitt band, av herrar i ordensband, av damer i sløyfe, begge i same breidd. Til uniform skal riddarkrossen berast av damer som for herrer.

Geistlege innehavarar av storkrossen ber, når dei er iført geistleg drakt, kommandørkrossen i storkrossband om halsen i staden for skulderband.

§ 10
Kostnadene til Ordenen blir dekte av Det Kongelege Utenriksdepartementet.

§ 11
Seglet til Ordenen inneheld insignia med omskrifta “Den Kgl. Norske Fortjenstorden”.

§ 12
Ordensdiploma blir underteikna av Stormeisteren, kontrasignert av Kanslaren (Hoffsjefen), parafert av Kansellisjefen for Ordenen og forsynt med seglet til Ordenen.

I dei tilfella der insignia og diplomet til Ordenen ikkje blir overleverte av Stormeisteren eller av nokon som på vegner av Stormeisteren er gjeven fullmakt til det, blir dei oversende frå Ordenssekretariatet.

Saman med diplomet blir det utlevert eit eksemplar av statuttane for Ordenen.

§ 13
Stormeisteren avgjer etter å ha høyrt Ordensrådet kva som skal gjerast dersom det oppstår spørsmål om å slette ein medlem på grunn av uverdige forhold.

§ 14
Insignia til Ordenen forblir mottakaren sin eigedom. Likevel skal tidlegare tildelte insignium returnerast til Ordenssekretariatet ved forfremjing til høgare grad eller klasse.

 

06.11.2012