Hopp til hovedinnhold

Kommunikasjonsstaben

Kommunikasjonsstaben gjev råd til Kongefamilien og Det kongelege hoffet i informasjonsspørsmål. Samarbeid og service overfor norsk og utanlandsk media er ei høgt prioritert oppgåve. Gjennom "Opent Slott" formidlar staben kunnskap om Dei kongelege eigedommane til publikum.

Kommunikasjonsstaben støttar Kongefamiliens medlemmer i å planleggje og gjennomføre medieopplegg og intervju og har òg ansvar for offisiell fotografering av Kongeparet og Kronprinsfamilien.

Medieopplegget i samband med statsbesøk og ved  større offisielle utanlandsreiser Kongefamilien gjer, blir gjennomført i nært samarbeid med Utanriksdepartementet og ambassadane. Ved større reiser og besøk i Noreg er medieopplegget laga i nært samarbeid med presseansvarleg hos dei respektive fylkesmennene.

Nettmedium

Redaktøransvaret for Kongehuset sine heimesider, sider på YouTube, Facebook og Twitter og for hoffet sitt intranett ligg i kommunikasjonsstaben.

Opent Slott

Kommunikasjonsstaben samarbeider tett med Opent Slott, som organiserer omvisingar for publikum på Det kongelege slottet og på lystslottet Oscarshall i sommarsesongen. Opent Slott arrangerer òg konsertar og utstillingar, er medarrangør av diverse kulturaktivitetar og står for drifta av Dronning Sonja KunstStall og museumsbutikkane på Det kongelege slottet og Oscarshall. Det blir tilsett om lag 25 omvisarar for sesongen.

I tillegg til publikumsomvisingane er Opent Slott ansvarleg for omvisingar ved medaljemottakingane på Det kongelege slottet og hjelper Det kongelege hoffet med omvisingar for spesielt inviterte gjester gjennom heile året.

Organisering

Ole Edvard Wold-Reitan (konstituert kommunikasjonssef) leier kommunikasjonsstaben.
Opent slott blir leidd av kultursjef Maisen Bonnevie, som rapporterer til hoffsjefen og styret for Opent Slott, der Hennar Majestet Dronninga er honorær styreleiar.

 

10.11.2017

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter