Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane 2006

I september 2006 gjennomførte Kronprinsparet ein fylkestur til Sogn og Fjordane. På tre dagar vitja dei kommunane Askvoll, Flora, Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid.

Programmet til Kronprinsparet omfatta blant anna:

Askvoll 5. september

Kronprinsparet kom til Bulandet kl. 11.00 og deltok på arrangement ved Bulandet kapell. Etter ei omvising i kapellet gjekk reisa vidare til Nikøykaien med orientering om den lokale fiskerinæringa og Landøy steinindustri.

Flora 5. september

Kronprinsparet kom til Kvalstad kai, Svanøy kl. 13.30. Her vitja dei Norsk hjortesenter, der dei fekk ei orientering om senteret og innblikk i korleis hjortane blir tekne hand om. Programmet heldt fram med ei rekkje kulturinnslag på torget i Florø.

Kronprinsen og Kronprinsessa fekk så ei orientering om Solbakken asylmottak og arbeidet med flyktningar og integrering i Flora. Kronprinsparet vitja mottaket og møtte fleire av bebuarane der.

Dagen vart avslutta med ein festkveld i Flora samfunnshus, med fokus på Flora som internasjonal kommune.

Gloppen 6. september

Kronprinsparet kom til Sandane kl. 11.30. Etter mottakinga på kaia vart det folkefest på Heradsplassen. Elevar frå Gloppen kulturskule og Firda vidaregåande skule underheldt.

Kronprinsen og Kronprinsessa vitja så Grøn omsorg på Kvia i Breim. Dette er eit landbruksbasert aktivitets- og fritidstilbod for ungdom som er innom på dag- eller helgebaserte tilbod.

Stryn 6. september

Kronprinsparet reiste vidare til Innvik, der dei fekk ei omvising i fabrikklokala til Innvik Sellgren. Her kunne dei sjå ei vevemaskin i drift, og i høve vitjinga vart det vove ein prøve av monogrammet til Kronprinsparet. Deretter følgde ein samla presentasjon av det breie designmiljøet i Stryn kommune.

Folkefest på Per Bolstads plass avslutta det offisielle programmet for dagen.

Hornindal 7. september

Kronprinsparet starta dagen med vitjing i Hornindal barnehage og orientering om kunstprosjekta barna er engasjerte i. Barna har òg eiga kokebok og serverte neslesuppe og bjørkelauvsaft til Kronprinsen og Kronprinsessa.

Barna var òg med på å lage mat til folkefesten i Grodås sentrum.

Ei orientering i kommunehuset avslutta vitjinga i Hornindal, blant anna med presentasjon av skulpturar frå Svor museum.

Eid 7. september

Kronprinsparet kom til Nordfjordeid kl. 13.40. Vitjinga starta med ei vandring gjennom Eidsgata, med ei rekkje kulturelle innslag undervegs. Deretter fekk Kronprinsparet ei orientering om psykiatri- og rusbehandlinga ved Nordfjord psykiatrisenter.

Vitjinga vart avslutta med folkefest på Eksersisplassen.

10.01.2007

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook