Hopp til hovedinnhold

Lausrivinga 1905

Den norsk-svenske unionen var i utgangspunktet ein union mellom to sjølvstendige statar, med kvar sitt parlament og kvar si grunnlov. Men rika hadde felles konge og felles utanrikspolitikk. Alle utenrikspolitiske spørsmål vart handterte frå Stockholm.

Det at Noreg ikkje hadde noko konsulatvesen med eigne utanriksstasjonar, var eit tydeleg teikn på Noregs underlegne posisjon i unionen. Dette hadde utvikla seg til ei norsk kampsak, spesielt for partiet Venstre. Stortinget hadde vedteke å opprette eit eige norsk konsulatvesen i over ti år, men Kong Oscar hadde nekta å sanksjonere vedtaket.

Lydrikepunkta

I 1902 kom spørsmålet om eit norsk konsulatvesen opp på nytt, og på hausten året etter tok ein opp att forhandlingane. Utgangspunktet syntest positivt, men i 1904 kom det eit tilbakeslag. Den svenske regjeringa kom med krav som Noreg ikkje kunne akseptere – dei såkalla lydrikepunkta.

Krava innebar blant anna at Sverige skulle ha det endelege ordet ved usemje, og at den svenske utanriksministeren skulle kunne suspendere norske diplomatar. For Noreg var det uakseptabelt at Sverige skulle kunne avsetje ein norsk embetsmann.

Den norske regjeringa forlangte at dei omstridde lydrikepunkta måtte sløyfast, men det ville ikkje svenskane gå med på.

Nekta sanksjon

11. mars 1905 danna Christian Michelsen regjering. I tiltredingserklæringa går det fram at den nye regjeringa ville gjennomføre "Norges grunnlovsmessige rett til eget konsulatvesen og hevde Norges suverenitet som et fritt, selvstendig rike". Formuleringa betydde ikkje nødvendigvis unionsbrot, men stadig fleire såg ingen annan utveg enn at unionen med Sverige vart oppløyst.

I slutten av mai vedtok både Odelstinget og Lagtinget konsulatlova. Da Kong Oscar sa at han ikkje kunne sanksjonere lova, la regjeringa fram avskjedssøknaden sin. Kong Oscar ville i utgangspunktet ikkje akseptere avskjeden til regjeringa, men vart overtalt av son sin, Kronprins Gustaf. I ein protokolltilførsel skreiv Kongen: "Da det er meg klart, at noen annen Regjering ikkje nu kan dannes, så bifaller jeg ikke statsrådenes avskjedsansøkninger."

7. juni-vedtaket

Kongens protokolltilførsel førte til vedtaket i Stortinget 7. juni der unionen med Sverige vart erklært oppløyst. I vedtaket heiter det:

"Da Statsrådets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeter, da Hans Majestet Kongen har erklært seg ute av stand til å skaffe landet ny regjering, og da den konstitusjonelle kongemakt således er trådt ut av virksomhet, bemyndiger Stortinget medlemmene av det i dag avtrådte Statsråd til inntil videre som den norske Regjering å utøve den Kongen tillagte myndighet i overensstemmelse med Norges Grunnlov og gjeldende lover – med de endringer som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under én konge er oppløst som følge av, at kongen har opphørt å fungere som norsk konge."

Folkerøysting

Sverige aksepterte ikkje utan vidare det norske vedtaket og forlangte at ein del vilkår vart oppfylte før ein ville sjå på unionen som oppløyst. Blant anna vart det bestemt at det skulle haldast ei folkerøysting for å sjå om det norske folket var einig i vedtaket i Stortinget.

13. august 1905 gjekk folket til urnene. 368 208 røysta ja til unionsoppløysinga, mens 184 røysta nei. Berre menn hadde høve til å røyste, men 244 765 kvinner hadde skrive under på lister med støtte til unionsoppløysinga.

Forhandlingar i Karlstad

31. august 1905 starta forhandlingane om korleis Noreg formelt skulle gå ut av unionen. Forholdet var svært spent, og det vart mobilisert militært på begge sider. Troppar stod ved grensa, og krigsfrykta var stor. Men forhandlingane fekk ei fredeleg løysing. 26. oktober anerkjende Oscar II Noreg som ein sjølvstendig stat, uavhengig av unionen. Han abdiserte dagen etter og avslo samtidig tilbodet om å gje den norske trona til ein Bernadotte-prins. Unionen mellom Noreg og Sverige var oppløyst utan sverdslag.

04.02.2007

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook