Hopp til hovedinnhold

Polen 2005

30. mai 2005 reiste kronprinsparet på eit tre dagars offisielt besøk til Polen. Programmet omfatta besøk til både Warszawa og Krakow.

Warszawa 30. mai

Kronprinsparet kom til Polen på ettermiddagen. Etter mottaking hos den norske ambassadøren, møtte kronprinsparet president Aleksander Kwasniewski og kona Jolanta Kwasniewskia i presidentpalasset.

31. mai

Kronprinsparet starta dagen med opninga av polsk–norsk kompetanseforum. Innovasjon Norge stod ansvarleg for kompetanseforumet, der fokus var lagt på reiseliv, samarbeid om mattryggleik og forsking. Ein næringsdelegasjon på 58 personar var med under besøket.

Etter eit møte med den polske visestatsministeren, Izabela Jatuga-Nowacka reiste Kronprinsparet vidare til Warsaw University of Technology Business School (WUTBS). Etter innlegg frå polske og norske aktørar reiste Kronprinsparet deretter vidare til PSF Women’s Centre Foundation. Senteret samarbeider med frivillige organisasjonar om tema som likestilling, familievold, spørsmål i samband med helse og menneskehandel.

Om ettermiddagen reiste Kronprinsparet med tog til Krakow, kor de seinare på kvelden var tilstades ved ein konsert med Thomas Dybdahl i Narodowy Stary Teatr.

Krakow 1. juni

Kronprinsparet starta dagen med eit besøk på Rådhuset hjå ordførar Jacek Majchrowski. Deretter besøkte Kronprinsparet Det jagellonske universitetet, der mange norske studentar studerer medisin. Kronprinsparet fikk også sjå nokon av Kopernikus sine forskingsgjenstandar.

Denne siste dagen fekk Kronprinsparet òg ei orientering om Council of Europe and human rights. Ein representant for menneskerettsorganisasjonen Halina Niec fortalde om situasjonen for asylsøkjarar og flyktningar i Polen.

Kronprinsparet reiste med tog attende til Warszawa og reiste frå Polen same ettermiddag.

14.02.2007

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook