Hopp til hovedinnhold

Omvisingane 2008

I 2008 fokuserte omvisingane på historia til Slottet og utforminga og funksjonen til romma. Det var òg sett opp ein monter i Store festsal i høve 100-årsjubileet for Fortenstmedaljen.

Ettersom medaljen vart innstifta i 1908, var det dekt eit bord i Store spisesal som viste  korleis oppdekkinga ville ha vore ved ein festmiddag på den tida. Her blir det vist gjenstandar som Kong Haakon og Dronning Maud tok i bruk dei første åra som Noregs nye kongepar.

Dronning Maud fekk eit gedigent servise i kroningsgåve frå det engelske folket i 1906. Det bestod mellom anna av 24 forgylte dekkjetallerkenar, 140 sølvtallerkenar, forgylt dessertbestikk til 120 personar, fire forgylte kopiar i sølv av Warwick-urna og to forgylte kandelabrar. Serviset har seinare vorte komplettert, slik at det kan brukast ved store høve.

Warwick-vasane og kandelabrane blei utstilte som bordgarnityr i Store spisesal. Det var òg dekkjetallerkenar i sølv som var ein del av kroningsgåva frå det danske folket, og ei stor sølvurne som var ei gåve frå folket i Skottland.

25.06.2008