Hopp til hovedinnhold

Kroninga av Kong Carl Johan

7. september 2008 var det 190 år sidan Carl III Johan (XIV) vart krona til Noregs konge i Nidarosdomen.

Unionskongen Carl II (XIII) døydde 5. februar 1818. Meldinga om bortgangen hans vart ført til Noreg med kurer frå Stockholm 10. februar. Saman med sørgjebodskapen hadde kureren med seg ein proklamasjon til det norske folket frå den nye kongen og den skriftlege eiden hans til konstitusjonen. På dette grunnlaget kunne Stortinget alt dagen etter gjere eid til Kong Carl Johan.

Kong Carl Johan vart krona i Storkyrkan i Stockholm 11. mai. Det norske folket var representert ved ein stortingsdeputasjon. Kroninga i Noreg følgde alt same sommar. I Grunnlova av 1814, i paragraf 12 – den såkalla kroningsparagrafen, var domkyrkja i Trondheim gjeven status som kroningskyrkja i Noreg, og den nye kongen ville nytte den lange reisa til å bli betre kjend med landet.

Kroningsferd

Kong Carl Johan kom landevegen over Svinesund og heldt inntog i Christiania 11. august. Han vart følgd av den einaste son sin, Kronprins Oscar. Dronning Désirée budde i Frankrike på denne tida og deltok ikkje i kroningane verken i Stockholm eller i Trondheim.

25. august la Kongen og Kronprinsen ut på kroningsferda til Trondheim, med eit følgje på 37 personar og 91 hestar. Reisa gjekk langs Gudbrandsdalen og Østerdalen. Kong Carl Johan og Kronprins Oscar kom til Trondheim 1. september. Dei vart møtte med militær parade, æresportar, songkor, kanonsaluttar og ”Gjentagne Fryderaab”, som media den gongen uttrykte det.

Førebuingar til kroninga

Både Stiftsgården, der kongen skulle bu, og domkyrkja måtte rustast opp til kroninga. Stiftsgården hadde fått status som Kongeleg palé, og nærmare 1000 spesiedalar vart brukte for å setje garden i stand. Sidan det huset var nokså sparsamt utstyrt, vart møblar og bruksgjenstandar lånte inn frå innbyggjarane i byen.

Det var 304 år sidan sist det vart krona ein konge i Noreg. Dermed fanst lite erfaring og ikkje noko fastlagt seremoniell for korleis dette skulle gå føre seg. Kong Carl Johan fastsette dermed sjølv alt det seremonielle rundt kroningshandlinga.

Regalia

Det fanst inga norsk krone eller andre regalia og utstyr. Dei opphavlege norske kronregalia var gått tapt (sporet stansar i 1537), og under unionen med Danmark var det halde felles kroningar i Danmark for begge rika. Kong Carl Johan løyste problemet ved sjølv å koste krone og anna utstyr til seremonien. Regalia og kroningsutstyr vart transporterte frå Stockholm til Trondheim under militær eskorte.

Prosesjon

Kroningsdagen kom måndag 7. september. Frå Det kongelege paleet til domkyrkja var det reist ei bru, kledd med eit raudt klede. Brua var bygd for kroningsprosesjonen – for bokstaveleg talt å gje prosesjonen eit lyft, slik at folkemengda lettare kunne sjå kroningsfølgjet.

I prosesjonen deltok ei lang rekkje myndigheitspersonar frå Sverige og Noreg. Midt i prosesjonen vart kronregalia førte fram. Kongekrona vart boren av statsminister Peder Anker, og like etter følgde Kongen. Ved kroningsseremonien i Stockholm hadde Kongen bore ei kroningsdrakt som etter svensk tradisjon var sydd av sølvstoff. I Trondheim lét Carl Johan seg krone i offisersuniforma si. Dermed innførte han ein skikk som har vore følgd av alle seinare norske monarkar.

Kroningsseremonien

Seremonien i Nidarosdomen starta med gudsteneste og kroningspreike. Så følgde sjølve kroningsseremonien: Statsråd Fasting og biskop Bech frå Christiania tok kongekåpa frå alteret og la henne om skuldrene på Kongen. Statsminister Peder Anker las kongeeiden, som vart gjenteken av Kong Carl Johan. Kongen fall deretter på kne, blotta brystet og vart salva på panne, bryst, tinning og handledd av biskop Bech. Etter at han igjen hadde sett seg på plassen sin, vart krona sett på hovudet til Kongen av statsministeren og biskopen. Deretter fekk Kongen overrekt dei andre regalia av dei statsrådane som bar dei i prosesjonen. Så steig riksherolden fram og forkynte at ”Nu er Carl XIV Johan kronet Konge over Norges Rige og tilliggende Provindser; han og ingen anden!”.

Deretter kom Kronprinsen fram og avla sin eid til Kongen. Den fyrstelege kåpa vart lagd over skuldrene hans og arvefyrstekrona plassert på hovudet. Krona var utlånt frå Stockholm (den norske arvefyrstekrona vart ikkje laga før i 1846).

Det vart gjeve signal til orlogsfartøya på hamna om å avfyre salutt med 224 skot i to omgangar.

Da kroningsprosesjonen gav seg tilbake til Det kongelege paleet, var kong Carl Johan iført kroningskåpa si. Han hadde kongekrona på hovudet og bar septer og rikseple i hendene. Også Kronprinsen bar krone og kappe.

Kastepengar

I paragraf 36 i kroningsseremoniellet finst denne regelen: ”Stiftsamtskriveren i Trondhjem til Hest, eskorteret af 50 Mand af det Trondhjemske ridende Jægercorps med Officerer, udkaster, efter Procesionens Tilbagekomst til det Kongl. Palais, de til dette Brug prægede kroningsmynter på alle byens Torve og aabne Pladse.”

Skikken med å kaste myntar til folkemengda på denne måten blir gjerne kalla ”kastepengar”. Men på kroningsdagen i 1818 skapte dette så store tumultar i menneskemengda at ein valde å ikkje følgje regelen ved seinare kroningar.

I Stiftsstaden feira dei kroningsveka til ende. Blant høgdepunkta var eit ball for 350 personar der Kongen og Kronprinsen deltok.

Kongen og Kronprinsen forlét Trondheim laurdag 12. september. Dei reiste ned gjennom Østerdalen og Solør til Christiania og derfrå vidare til Stockholm.

08.09.2008