Hopp til hovedinnhold

Kongeleg bryllaup 1896

Prins Carl av Danmark – den seinare Kong Haakon – og Prinsesse Maud av England gifta seg i kapellet i Buckingham Palace onsdag 22. juli 1896.

Prins Carl og Prinsesse Maud kjende kvarandre godt. Dei var fetter og kusine, og som barn hadde dei vore mange somrar saman i Danmark. Men eit slikt ekteskap var ikkje berre ei privatsak, det var òg ein dynastisk og politisk allianse. Både foreldra og statsoverhovuda i Danmark og England måtte gje samtykket sitt. Spesielt Prinsesse Maud vart rekna for eit godt parti. Far hennar, Prinsen av Wales, måtte godkjenne giftarmålet, og han var i sin tur nøydd til å innhente løyve av mor si, Dronning Victoria.

Prinsesse Maud skreiv sjølv til farmor si, Dronning Victoria, og bad om at ho gav si godkjenning. Den kom per telegram frå Balmoral slott, og 28. oktober 1895 vart forlovinga kunngjord. Dronning Victoria synest å ha likt den danske prinsen. 5. mars 1896 skal ho ha skrive i dagboka si: ”Mauds festarmann, Carl av Danmark, kom til lunsj. Det syntest å vere ein hyggeleg mann, svært høg og med god utsjånad.”

Antrekk og utsmykking

I slottskapellet var veggene pynta med skarlaksraude silkedraperi og blomsterdekorasjonar, og i bryllaupsteltet var det luftige vindauge i teltveggene, blaute teppe, palmer og blomsterflor.

Gjestene var plasserte etter rang og kledde etter plassering. Damer med invitasjon til kapellet bar galladrakt utan slep og slør, mens fleirtalet, som hadde fått plass på terrassen, skulle møte i visittdrakt, noko som innebar hatt.

Seremonien

Dei kongelege gjestene gjorde entré i tre prosesjonar, mens Grenadergardens musikkorps spelte Wagners Festmarsj. Prins Carl kom i den midtre prosesjonen. Han bar galla marineuniform og vart følgd av dei to brørne sine, Christian og Harald. Da han kom til kapellet, bukka Prinsen for Dronning Victoria. Sist kom brura ved armen til far sin, følgd av Hertugen av York og 8 brurejenter. Koret song ”Oh Paradise”, og vigsla kunne begynne.

Erkebiskopen av Canterbury forretta, assistert av fire høge geistlege. Temaet for bruretalen var forholdet mellom Danmark og Storbritannia, slik det hadde vorte utvikla og styrkt gjennom kongelege bryllaup i to generasjonar, nemleg Kronprinsesse Alexandra og Kronprins Edward – og no Prins Carl og Prinsesse Maud.

Dronning Victoria var den einaste som vart sitjande under heile vigsla, og da seremonien var over, gjorde dei nygifte djup kompliment og tok imot gratulasjonskyss frå dronninga. Orgelet spelte opp, og brurefølgjet forlét kapellet til Mendelssohns bryllaupsmarsj.

Brurekjolen

Dronning Maud var kjend for den smale midja si – visstnok berre 46 cm – og den vart framheva av snittet i brurekjolen og av eit belte med sølv- og diamantbroderi. Stoffet var elfenbeinsfarga silkesateng, og kjolen var pynta med ranker av jasmin og appelsinblomster. Ho bar bruresløret til mora, og på hovudet hadde ho ein krans av gule blomstrar.

Mottaking

Etter vigsla vart det servert lunsj i Buckingham Palace og mottaking i Marlborough House etter ein kjøretur gjennom festpynta gater.

Bryllaupsfeiringa vart avslutta med avreisa til Appleton House på Sandringham, eigedommen brureparet hadde fått i bryllaupsgåve av foreldra til Prinsesse Maud. Appleton vart heimen deira i England, og særleg oppheldt Dronning Maud seg seinare i lange periodar her. 2. juli 1903 vart sonen til paret, Alexander Edward Christian Frederik, den seinare Kronprins Olav, fødd på Appleton House.

18.11.2008

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook