Hopp til hovedinnhold

Salongen

Oscarshalls nest største rom opnar seg mot parken utanfor gjennom to store, austvende glasdører og tre høge spissbogevindauge på nordveggen. Både vindauga og dørene har innfelt farga glas i nygotisk utforming øvst.

Opphavleg teikna Nebelong småruta vindauge til romma på Oscarshall, men Kong Oscar I ønskte i staden store glasruter for at Salongen skulle bli lysare. Dermed vart inntrykket av å opphalde seg i ei hagestue forsterka, heilt i tråd med idealet i den romantiske arkitekturen om størst mogleg nærleik til naturen.

Middelalder og nygotikk

Både møblar og utsmykking i Salongen understrekar ei stemning av mellomalder, med fleire assosiasjonar til den gamle norske gildehallen.

Salongen på Oscarshall. Foto: Jan Haug, Det kongelege hoff.

Både brystninga og masverket vart utført i eik av snikkarmeister Abrahamsen. Sjølve veggfelta er trekte med raud fløyel. Sentralt i hovudfeltet i himlingen er det plassert ein skråstilt firkant med blå og raud dekor som omgjev ein forgylt rosett i gips, der det heng ei lysekrone. Det heile minner om eit gotisk rosevindauge.

Heraldikk

Rundt dette midtfeltet er det fire mindre felt med ulike våpenskjold. Her finst riksvåpna til Noreg og Sverige, Kong Oscar og Dronning Joséphines familievåpen, Bernadottanes stamvåpen og det leuchtenbergske stamvåpenet frå Bayern. Det er òg plassert våpenskjold over dørene.

Detalj frå taket i salongen på Oscarshall. Jan Haug, Det kongelege hoff

Bruken av våpenskjold i kongelege interiør var ikkje uvanleg i samtida, men den dekorative bruken av heraldikk på Oscarshall kan òg sjåast som eit viktig aspekt av nygotikken. Mellomalderen var stordomstida for heraldikken , og interessa for historie, slektsgransking og stamtavler var ofte stor hos tilhengjarane av nygotikken.

Mellomalderkongar

Den kunstnariske utsmykkinga av Hans Michelsen og Christopher Borch understrekar preget rommet har av mellomalder. Kong Oscar I engasjerte seg aktivt i valet av kunstnarar og motiv for skulpturane. Han ønskte spesielt at Hans Michelsen skulle få ein del av oppdraget til Salongen. Michelsen utførte fire statuar av norske mellomalderkongar som er plasserte på konsollar i hovudfelta på kortveggene i Salongen. På vestveggen står kong Harald Hårfagre og kong Olav den heilage. På austveggen står kong Sverre og kong Olav Tryggvason.

Christopher Borch modellerte dei tjue hovuda som er innfelte i dei sirkelrunde felta som del av veggdekoren. Hovudet finst i fem variantar i rommet, og alle variantane er gjentekne fire gonger. Dei representerer mellomaldertypar: krigaren, bonden, den geistlege, statsmannen og den skriftlærde.

Oppdraget var ei oppmuntring frå kong Oscar I til ein ung norsk bilethoggar som hadde halde den første utstillinga si i Christiania Kunstforening i 1848. Mens Michelsens karriere var i ferd med å bli avslutta, var Borch i ferd med å begynne sin. Borch er kanskje mest kjend for dei to store granittløvene framfor Stortinget, som vart hogde etter hans modellar av steinhoggarlærlingar blant straffangane på Akershus.

Møblement

Møblane Nebelong teikna til Oscarshall, er blant dei beste eksempla på nygotisk kunstindustri i Noreg. Spesielt dei ulike stolane har vorte vurderte som noko av det mest vellykka Nebelong formgav.

Langs veggene i Salongen står 18 høgryggja nygotiske stolar. Stolane er trekte med same raude fløyel som veggene og har monogrammet til kong Oscar I brodert på stolryggen. To armstolar som skulle brukast av Kong Oscar I og Dronning Joséphine når de tok imot gjestene sine, er plasserte ute på golvet på kvar side av eit rundt, forgylt bord med marmorplate.

04.10.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook