Hopp til hovedinnhold

Kroningsjubileum

Ope Slotts utstilling i 2006 vart arrangert i Stiftsgården i Trondheim. Ho markerte 100-årsjubileet for kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud.

22. juni 2006 var det 100 år sidan kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud i Nidarosdomen, den siste kroninga som er gjennomført i Noreg. I den samanhengen vart det vist ei omfattande utstilling i Stiftsgården i Trondheim.

Utstillinga la vekt på den sivile delen av kroningsfestlegheitene i 1906 og var såleis eit supplement til utstillinga i Regaliemuseet i Erkebispegården, der dei norske kronregalia no har fått si permanente plassering. Der blir den offisielle delen av kroningane av Noregs kongar presentert.

Glimt frå feiringa

Kong Haakon og Dronning Maud oppheldt seg i fleire veker i Trondheim i samband med kroninga i 1906. I denne perioden var Kongeparet vertskap for ei lang rekkje selskap og mottakingar i Stiftsgården. Det var minne frå desse festlegheitene som vart viste for publikum gjennom Ope Slotts utstilling. Heile Stiftsgården vart teken i bruk, og kvart rom fekk sitt tema:

I Kursalen

Her vart det stilt ut offsielle kroningsgåver frå inn- og utland. Blant gjenstandane var:

  • Dekketallerkenar i sølv frå det danske folket
  • Den skotske folkegåva med to sølvkandelabrar, ein jardinière og eit teservise i sølv
  • Eit te- og kaffeservise i sølv i åtte delar frå borgarane i Trondheim
  • Frå The Royal Household: 1 karaffel i sølv med inskripsjon
  • Ein porselensvase frå Porsgrunds damer
  • Ei sølvurne frå nordmenn i Shanghai

I Ballsalen: Det nykrona kongeparet

I Ballsalen var det lagt vekt på sjølve kroninga. Her fanst Kong Haakon VIIs generaluniform og gallakjolen Dronning Maud bar 25. juni 1906. Lars Utnes bronsebyster av Kong Haakon VII og Dronning Maud var plasserte her, saman med to krona stolar laga for bruk i Stiftsgården.

I Spisesalen: Kroningstaffel

Her var det dekt eit spisebord à la 1906 med 20 kuvertar. Delar av kroningsgåvene frå det engelske og det skotske folket var brukte til oppdekkinga, og to lakeiuniformer – gallalivréar – på byster flankerte bordet.

I Adjutantens rom: Kroningsarkivalia

I adjutantens arbeidsrom kunne dei besøkjande sjå gjesteboka frå 1906, i tillegg til invitasjonar, gjestelister, menyar, bordplasseringskort og andre minne frå feiringa. Hoffrøkenas liste over gåver og leveransar til kroninga var med, saman med ei liste over bidagsytarar til Trondheim bys kroningsgåve.

I Audienssalen: Kongeparets gjester i Stiftsgården

I audienssalen var ønsket å formidle korleis gjestene i Stiftsgården hadde sett ut, korleis dei var kledde. Her var stilt ut 3 sivile uniformer på byster: Ambassadør, konsul og statsråd, saman med tre gallakjolar til damene som kan ha følgt dei.

Hoffdame Alexandra Huitfeldts hermelincape var lagd på ein av stolane frå møbleringa. I tillegg fanst fleire måleri.

Samarbeidsprosjekt

Utstillinga var eit samarbeidsprosjekt mellom Ope Slott og Nordenfjeldske kunstindustrimuseum. Dei fleste gjenstandane som vart viste, høyrer til dei kongelege samlingane. Nordenfjeldske kunstindustrimuseum viste ein del av si draktsamling;

embetsuniformer og kjolar som vart borne av trondheimssosieteten under kroningsfestlegheitene. I tillegg lånte Forsvarsmuseet i Oslo ut Kong Haakons generaluniform og Kunstindustrimuséet i Oslo ein av dei fantastiske gallakjolane Dronning Maud bar under feiringa.
 

 

18.04.2011