Hopp til hovedinnhold

Kongelege brurekjolar

Dei kongelege brurekjolane var temaet for Ope Slotts utstilling på Det kongelege slottet sommaren 2002.

Brurekjoleutstillinga var eit samarbeid mellom Ope Slott og Kunstindustrimuséet i Oslo. For første gong i Slottets historie vart Store festsal brukt som utstillingslokale. I tre store montrar kunne publikum beundre brurekjolane til Dronning Sonja, Kronprinsesse Mette-Marit og Prinsesse Märtha Louise, og dessutan nøyaktige kopiar av diadem og brurebukettar. Kjolane var monterte på spesiallaga byster tilpassa kvar enkelt kjole.

Dronning Sonjas brurekjole

Daverande Kronprins Harald og Kronprinsesse Sonja gifta seg 29. august 1968 i Oslo Domkyrkje.

Brurekjolen er heilklipt med laustsitjande, innsvinga liv som glir over i eit utskrådd skjørt med ei aning av eit slep. Dei tre kvart lange erma vidar seg ut nedst, og den runde halsringinga er kanta med ein oppståande krage. Fasongen er bygd opp på ein nesten skulptural måte av to smale bakbreidder og to breiare frambreidder som er klipte i eitt med erma. Eit langt slep høyrer til kjolen. Det er festa ved skuldrene, følgjer dei utskrådde linjene til skjørtet og har rett avslutta underkant.

Brurekjolen er sydd av siberlin, eit kremfarga silketøy i ein kraftig kvalitet som understrekar kjolens form. Nedst på erma og på kragen er det brodert ein blomsterbord med små tøyrosettar og blad, perler og krystallar.

Bruresløret av tyll er like langt som slepet og er festa med ein rosett av kunstige kvite blomstergreiner. Blomstrane i rosetten er dei same som i broderiet på erma og på kragen. Brurebuketten bestod av roser, fresia og liljekonvallar.

Brurekjolen til Kronprinsesse Mette-Marit

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit gifta seg i Oslo Domkyrkje 25. august 2001.

Den ecrufarga brurekjolen har korsettliv. Stoffet i livet er drapert, men det ytste laget er strekt, slik at overflata blir tilnærma glatt. Totalt er kjolen drapert med 125 meter silketyll. Underdelen av kjolen er bygd opp av silkegeorgette, organza og gazar, eit litt stivt, men smidig stoff. Eit stort underskjørt av tyll skaper ytterlegare volum.

Skjørtet er utskrådd med eit to meter langt slep, inspirert av kjolane til Dronning Maud. Langs slepet er det ornamentert tyll, som ”bølgjer i sand”. Kjolen og slepet er sydde i eitt stykke. Eit seks meter langt slør var festa i håret til Kronprinsessa.

Brurebuketten, ”Brureløparen”, vart boren som ei muffe rundt handleddet. Han er sett saman av marmorlanterne, Wandaorkidé, hortensia, roser i sjatteringar av rosa og lilla, bjørnegras, perler og trådar av metall.

Brurekjolen til Prinsesse Märtha Louise

Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn gifta seg 24. mai 2002 i Nidarosdomen.

Brureantrekket består av to delar: Brurejakka er inspirert av lilja i farge og form, i kombinasjon med Nidarosdomens gotiske spissbogar. Bokstavane M og A er fletta inn. Jakka er sydd av offwhite silkeduchesse. Ho har snippkjolesnitt og gotiske ermbogetoppar. Trompeterma med broderi er inspirerte av Dronningas brurekjole. Understoffet på det tre meter lange slepet er i silkebrokade. Eit sirkelornament brodert i swarovskikrystallar bakarst på slepet symboliserer det heilage ekteskapstalet: To liljer for det kvinnelege og tre for det mannlege. Slepet endar i ein gotisk spissboge. Jakka har òg broderi i ryggen og på erma. Ho er lukka i front med ei spesilallaga nål, forma som ein A.

Den ermelause brurekjolen er sydd i silkecrêpe og er designa som ein enkel, moderne brurekjole med gotisk v-ringing framme og bak. Slepet endar også her i ein gotisk boge.

Sløret i silkechiffon har same snitt som sløret på kjolen. Det er festa til eit diadem etter Dronning Maud som vart utlånt av Dronning Sonja.

Prinsessas brurebukett består av tre hovudblomstrar: liljekonvall, orkidé og Märthalilje. Fargane i den hjarteforma buketten er kvitt og kremkvitt. I brurebuketten og på skorne finn ein att dei same swarovskikrystallane som pryder brurejakka.
 

19.04.2011

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook