Hopp til hovedinnhold

Jeanne d'Arc på Oscarshall

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga var blant tilskodarane da Juni Dahr framførte stykket sitt om Jeanne d'Arc på Oscarshall i går kveld. Desse framføringane er dei første som nyttar lystslottet på Bygdøy som bakteppe og utandørsscene.

08.06.2012

Den franske nasjonalheltinna Jeanne d'Arc vart fødd under hundreårskrigen mellom Frankrike og England (1337–1445). Da ho var 13 år, høyrde ho stemmer som gav henne eit kall: å leie kampen mot britane og hjelpe Charles VII til den franske trona. Ho vart avretta i 1431, brend på bålet som kjettar. Ho vart verande tru mot sitt eige kall og si eiga overtyding, og framsyninga er eit drama om den absolutte lidenskapen.

Framsyninga byggjer på originale tekstar og Jeanne d'Arcs eigne ord, slik dei står nedteikna i rettsdokumenta. Jeanne d’Arc vart frikjend ved ei ny rettssak i 1456 og kanonisert av paven i 1920. Joan of Arc – Vision through Fire vart opphavleg utforma av Juni Dahr og John Marrow og hadde premiere i Los Angeles i 1988.

Utandørsoppsetjing

Det er første gong det blir sett opp framsyningar utandørs på Oscarshall. Stykket blir spelt ved den såkalla Kavalérboligen nede ved sjøen, og det er òg framsyningar 8., 9. og 10. juni. Dersom det regnar, flyttar framsyninga under tak. Oppsetjinga skjer i samarbeid med Åpent slott.

Oscarshall

Oscarshall ligg ned mot Frognerkilen på Bygdøy i Oslo. Det vart bygd på oppdrag av Kong Oscar I og Dronning Joséphine og stod ferdig i 1852. I dag står lystslottet fram som eit monument over norsk kunst og kunstindustri på midten av 1800-talet og er eit av dei viktigaste nasjonalromantiske minnesmerka i landet. Oscarshall vart opna som museum av Kong Oscar II alt i 1881 og er framleis ope for publikum om sommaren.


 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook