Hopp til hovedinnhold

Munch i London

I dag var Hennar Majestet Dronninga til stades på ei førvising av utstillinga Edvard Munch – The Modern Eye ved Tate Modern i London. Utstillinga har alt vore vist i Paris og Frankfurt, der ho har vekt stor interesse.

26.06.2012

The Modern Eye fokuserer på Edvard Munchs seinare arbeid og forholdet hans til samtida si. Utstillinga presenterer Munch som ein moderne kunstnar, ein kunstnar av det 20. hundreåret som var open for datidas nye teknologi, og som eksperimenterte med fotografi og film. Utstillinga viser 60 måleri 50 fotografi, film og ei rekkje teikningar. Mange av bileta er utlånte frå Noreg og Munchmuseet.

To me, this exhibition really is an eye opener, sa Dronning Sonja i talen sin i dag, as it gives us the opportunity to become acquainted with another side of Munch´s art. “The modern eye” reflects the anguish Munch suffered throughout his life – which is visible in many of his masterpieces – but this exhibition also shows him as a modern man open to new ideas and technologies of the 20th century.

Dronninga vart vist rundt i utstillinga av sir Nicholas Serota, direktøren for Tate, og Nick Cullinan, som har kuratert.

Stor interesse

Det moderne auget har tidlegare vore vist i både Paris og Frankfurt. Dronning Sonja var til stades på ei førehandsvising av L’oeil moderne i Centre Pompidou i Paris 18. september 2011, der utstillinga stod til 23. januar 2012. I februar opna så Kronprinsesse Mette-Marit Der Moderne Blick i Schrin Kunsthalle i Frankfurt.

Det moderne auget har vekt enorm interesse, og over 700 000 menneske har besøkt utstillinga i Paris og Frankfurt, der ho sette publikumsrekord. 28. juni opnar utstillinga i Tate Modern for publikum, der ho står fram til 14. oktober

Munch jubilerer

I 2013 er det 150 år sidan Edvard Munch vart fødd, og på dødsdagen hans 23. januar opnar jubileumsåret som skal feire verket og betydninga til kunstnaren. I løpet av jubileet vil Munch 2013 spreie kunnskap og interesse i inn- og utland. Det blir ei rekkje utstillingar og arrangement rundt om i landet. Hovudutstillinga opnar på Munchmuseet og i Nasjonalgalleriet 1. juni og vil bli den største presentasjonen av måleria til Munch sidan 1927.

Jubileumsåret blir avslutta på Munchs fødselsdag, 12. desember.
 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook