Hopp til hovedinnhold

Familienettet.no

I dag sto Prinsesse Märtha Louise for den offisielle opninga av www.familienettet.no - ein nettstad for foreldre med barn som har nedsett funksjonsemne og/eller kronisk sjukdom.
28.03.2007

Familienettet.no ønskjer å gje foreldra ein inngang til nyttig informasjon frå ulike aktørar og å tilby ein møteplass der foreldre kan utveksle erfaringar med andre i liknande situasjonar.

Familienettet.no har som mål å gje foreldre

  • éin kanal til informasjon om rettigheiter, tilbod og aktivitetar
  • éin kanal for å finne fram til ulike brukarorganisasjonar
  • éin kanal for informasjons- og erfaringsutveksling mellom familiar
  • éin kanal for å formidle kunnskap om desse familiane sin kvardag

Prosjektet er eit satsingsområde under Nasjonalt kompetansesenter for læring og meistring ved Aker Universitetssykehus, og er oppretta med støtte frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet i nært samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet.

Opninga gjekk føre seg på Radisson SAS Plaza Hotel i Oslo.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook