Hopp til hovedinnhold

Årsmelding 2007

Årsmeldinga for Det Kongelege Hoffet er i dag overlevert til Stortingets Presidentskap, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Riksrevisjonen.

11.04.2008

Årsmeldinga for 2007 omfattar årsrekneskapen for Den Kongelege Civilliste, staben til DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa og Ope Slott, og inneheld dessutan organisasjonsgjennomgang og meldingar om det offisielle programmet Kongehuset har gjennomført, og aktivitetane til Det Kongelege Hoffet.

Medlemmene av Kongehuset har gjennomført eit omfattande offisielt program med stor reiseverksemd både innanlands og utanlands i 2007. 18 av fylka våre pluss Svalbard vart besøkte. DD.MM. Kongen og Dronninga gjennomførte statsbesøk til Finland i juni og til Tyskland i oktober, mens DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa var på eit fire dagar langt offisielt besøk til Sør-Korea i mai. Også 70-årsfeiringane til Kongeparet prega verksemda til Det Kongelege Hoffet i fjor.

Bruken av løyvingane frå Stortinget til Det Kongelege Hoffet (Civillisten) og staben til DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa (offisielt budsjett) blir rapportert årleg. Apanasjen til DD.MM. Kongen og Dronninga og DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa skal dekkje forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling (FDVU) av dei private eigedommane. Ein definert del av apanasjen dekkjer private utgifter, medrekna offisielle antrekk.

Store delar av dei løyvde midlane er brukte til å vedlikehalde og utvikle Slottet, hovudhuset ved Bygdø Kongsgård og Oscarshall slott, med dei kulturelle og historiske verdiane som finst der. Restaureringsarbeidet av hovudhuset på Bygdø Kongsgård er ferdigstilt, og frå august i fjor kunne DD.MM. Kongen og Dronninga ta staden i bruk.

Rekneskapen viser at Den Kongelege Civillistes avsetningar gjennom aktivitetane i 2007 er reduserte med 10 515 993 kroner. Årsrekneskapen for staben til DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa er gjord opp med eit overskot på 462 258 kroner, som er sett av til framtidige investeringar. Årsrekneskapen for Ope Slott er gjord opp med eit underskot på 39 509 kroner, som er dekt av eigenkapitalen.

Den fullstendige årsmeldinga kan lastast ned via peikaren til høgre (PDF).

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook