Hopp til hovedinnhold

Conrad Svendsen-senteret

I dag opna Prinsesse Märtha Louise den nye omsorgsbustaden "Skråningen" ved Conrad Svendsen Senter på Nordstrand i Oslo. Senteret er eit tilbod til vaksne døve og døvblinde med behov for tilrettelagde tenester.

18.04.2008

Senteret består av omsorgsbustader, eit dagsenter og ei utgreiingseining. Med "Skråningen" fekk Conrad Svendsen Senter 18 nye omsorgsbustader.

I etterkant av den offisielle opninga fekk Prinsessa ei omvising i nybygget og to av leilegheitene der. Deretter gjekk turen til hovudbygningen, der bebuarane blant anna hadde laga ei eiga fotoutstilling i samband med nybygget.

Historie

Conrad Svendsen vart utnemnd til prest for døve i 1895 og tok fatt på ei omfattende kartlegging. Av dei 1200 døve han hadde registrert ved utgangen av 1896, var det 300 som aldri hadde fått noka opplæring og derfor heller ikkje hadde vorte konfirmerte. På den tida vart ein ikkje rekna som ein fullverdig medlem av samfunnet før ein vart oppteken i ”dei vaksnes rekkjer” gjennom konfirmasjon. Conrad Svendsen såg behovet for eit tilbod om opplæring til desse døve som hadde falle utanfor samfunnssystemet. Han fekk ideen om å kjøpe eit hus nær Kristiania for å kunne samle døve til undervisning.

Dette er bakgrunnen for det som skulle utvikle seg til å bli senteret som ber namnet hans.

Conrad Svendsen Senter er ein del av Stiftelsen Signo, som er ein sjølvstendig, diakonal stiftelse innanfor Den Norske Kyrkja.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook