Hopp til hovedinnhold

Ny avdeling på Gatas hospital

H.M. Kongen var til stades da kvinneavdelinga ved Frelsesarmeens Gatehospital vart opna onsdag. Gatehospitalet er eit helsetilbod for tunge rusmisbrukarar og ligg på austkanten i Oslo.
23.01.2009

Det var helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen som stod for sjølve opninga.
– Dette skreddarsydde tilbodet er eit verdifullt bidrag for å hjelpe kvinner i ein vanskeleg livssituasjon, sa statsråden under opninga.

Kong Harald og statsråden vart viste rundt på gatehospitalet. Dei møtte òg kvinner som er pasientar ved avdelinga, og som fortalde om sine erfaringar og om hjelp og støtte dei får her.

Frelsesarmeens Gatehospital

Frelsesarmeens Gatehospital vart opna i 2005 og ligg i ein bygard i sentrum av Oslo. Tilbodet er meint for rusmiddelavhengige som ikkje må leggjast inn på sjukehus, men som likevel har behov for medisinsk oppfølging og omsorg.

Med den nye kvinneavdelinga er det no 18 plassar ved Gatehospitalet.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook