Hopp til hovedinnhold

Utnemningar til St. Olavs Orden

H.M. Kongen har utnemnt professor Dagfinn Kåre Føllesdal til Kommandør og professor dr.med. Jakob Anton Jervell til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.
10.03.2009

Professor Dagfinn Kåre Føllesdal

H.M. Kongen har utnemnt Dagfinn Kåre Føllesdal til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans for filosofi og etikk.

H.M. Kongen har i vurderinga si lagt vesentleg vekt på Føllesdals leiande stilling innan dagens filosofi. Han har ikkje berre ytt sitt på forskingsfronten i dette faget, men han har òg vore sentral i å gje forskingsfronten retning innan to store felt: språkfilosofien og fenomenologien. Føllesdal har ein helt spesiell posisjon som brubyggjar mellom anglosaksisk-engelsk, amerikanske tradisjonar innan analytisk filosofi og den europeiske kontinentale filosofien.

Det er òg lagt vekt på at Føllesdal har vore ei fagleg drivkraft innan humanistiske fag.

Overrekking

Dekorasjonen vil bli overrekt ved eit arrangement i Videnskapsakademiet i Oslo fredag 13. mars 2009 – kl. 13.00.

Professor dr. med. Jakob Anton Jervell

H.M. Kongen har utnemnt Jakob Anton Jervell til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans innan fagområdet diabetes.

H.M. Kongen har i vurderinga si lagt vesentleg vekt på arbeidet hans innan klinisk behandling, forsking, undervisning, nasjonalt og internasjonalt engasjement innan fagområdet diabetes.

Overrekking

Dekorasjonen vil bli overrekt ved eit arrangement på Grand hotell i Oslo fredag 13. mars 2009 – kl. 16.00.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook