Hopp til hovedinnhold

Te på Grünerløkka

H.M. Dronninga og H.K.H. Kronprinsessa var inviterte på te hos familien Adampour på Grünerløkka i Oslo i dag. Besøket var eit ledd i Antirasistisk senters kampanje Tea Time, der muslimar inviterer ikkje-muslimar på te.
10.03.2011

Målet med kampanjen er å gje eit breiare bilete av norske muslimar gjennom samtalar over ein kopp te.

Dronning Sonja og Kronprinsessa fekk møte Afsaneh Adampour og barna hennar. Det var dottera Mina som hadde invitert til besøket, som varte ein times tid.

Likeverd på tvers av livssyn

Etter besøket fortalde Kronprinsessa om samtalen på Twitter:

– Vi snakka om kor viktig det er å vise ei open haldning mot andre si tru og å forstå at ingen står moralsk over andre, uansett livssyn.

Statistikk viser at etniske nordmenn som kjenner nokon med minoritetsbakgrunn, har færre fordommar. Samtidig fortel den same statistikken at dei fleste etnisk norske ikkje har venner med minoritetsbakgrunn. Nettopp dette understrekar kor viktig eit tiltak som dette er, der menneske kan møtast direkte til ein samtale på tvers av religion og bakgrunn.

Familien Adampour kom til Noreg frå Iran i 1988. Det bur om lag 16 300 menneske med iransk bakgrunn i Noreg. Av dei er 2800 norskfødde av iranske foreldre.

 

Dronning Sonja og Kronprinsesse Mette-Marit besøker familien Adampour på Grünerløkka i Oslo. (Foto: NRK)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook