Hopp til hovedinnhold

Munch i Paris

Søndag var Hennar Majestet Dronning Sonja til stades ved førpremieren på Munch-utstillinga "L'oeil moderne" ved Pompidou-senteret i Paris. "Det moderne auget" presenterer eit mangfald av format Edvard Munch uttrykte seg gjennom.

19.09.2011

Munch kom til Paris i 1885 og utvikla det grafiske uttrykket sitt her, blant anna som elev av den franske målaren Léon Bonnat. I denne utstillinga er teikningar, grafikk, skulptur og film med å få fram ein heilt spesiell presentasjon av Edvard Munchs kunst – og hans moderne blikk.

Under ei mottaking i Den norske klubben i Paris i forkant av førpremieren peika Dronninga på korleis denne utstillinga plasserer Munch blant verdas moderne avantgarde-kunstnarar frå det 20. hundreåret.

"Edvard Munch, l'oeil moderne"

Utstillinga viser ei samling verk som ikkje er vist i Frankrike tidlegare. Omkring 80 måleri, i tillegg til teikningar og grafikk, 50 fotografi og ein film viser korleis Munchs interesse for ulike uttrykksformer inspirerte han. Innovasjonar i samtida – utbreiinga av fotografi og film, illustrert presse, til og med Munchs arbeid for teateret, var med på å påverke kunsten hans.

Utstillinga blir vist i Centre Pompidou frå 21. september til 9. januar 2012.
 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook