Hopp til hovedinnhold

Nytt på Frammuseet

Hans Majestet Kongen stod for gjenopninga av Frammuseet i dag. Dei faste utstillingane ved museet blir lanserte i ny drakt til 150-årsdagen for Fridtjof Nansens fødsel. I år er det òg 100 år sidan Roald Amundsen og mennene hans nådde Sørpolen.

10.10.2011

Leiaren for Framkomiteen, Olav Orheim, ønskte Kongen og dei andre gjestene velkommen og hadde ei kort innleiing før Frammuseets direktør, Geir O. Kløver, fortalde om den nye utstillinga.

Gjenopninga vart gjord av Kong Harald, som kunne bruke ein kopi av Amundsens eigen arbeidskniv til å kappe over bandet framfor utstillingane. Deretter fekk Kongen ei kort omvising i den nye presentasjonen, med vekt på stoffet om dagens jubilant.

Polarekspedisjonane

Frammuseet presenterer dei mest kjende norske polarekspedisjonane. Det naturlege midtpunktet er den sterkaste treskuta i verda, polarskipet Fram. Publikum kan sjølve gå om bord og ta skipet nærare i augesyn.

Frå i dag blir dei berømte ekspedisjonane, leidde av Fridtjof Nansen, Roald Amundsen og Otto Sverdrup, presenterte i moderne design, med fotografi, film og lyseffektar. Blant dei nye elementa er òg ein modell som viser polarskipet Fram, frose fast i isen.

Samtidig er det gjeve større plass til dei mindre kjende polarheltane og dei som gjorde ekspedisjonene mogleg.

Vitskapen

Det vitskaplege arbeidet som vart gjort på desse ekspedisjonane, blir òg framheva, presentert saman med dei faktiske instrumenta som vart brukte. Dette omfattar òg innføring i navigasjon, utan moderne hjelpemiddel, i heilt ukjende område.

Fridtjof Nansen er vigd spesiell plass. Hans mange sider – fra banebrytande forskar og polfarar til internasjonal humanist og fredsprisvinnar – blir presentert i ei separat utstilling. Her finst òg mange av inuittgjenstandane han samla under overvintringa på Vest-Grønland i 1888–89.

Nansenmarkering i kveld

Fridtjof Nansens 150-årsdag blir markert med ei rekkje arrangement i dag. I kveld vil både Kongeparet og Kronprinsparet vere til stades ved ei minneforelesing i Aulaen før det er jubileumsfest på Universitetsplassen og festmiddag på Akershus slott.
 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook