Hopp til hovedinnhold

Utdanning og helse i Minnesota

Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja heldt fram reisa si i Midtvesten i dag, med besøk til St. Olaf College i Northfield og Mayo Clinic i Rochester, Minnesota.

14.10.2011

Dagen starta på colleget oppkalla etter den norske helgenkongen Olav Haraldson.

På St. Olaf College

St. Olaf College vart grunnlagt av norskamerikanarar i 1874 og er i dag kjent verda over for sin høge kvalitet, ikkje minst innanfor matematikk og musikk. St. Olafs set verdien av internasjonal erfaring og eit annleis perspektiv høgt. Colleget har kurstilbod i 46 ulike land, og meir enn 2/3 av studentane som går ut fra colleget, har minst eitt utanlandsopphald bak seg.

Skulen har òg eit særleg fokus på miljø og berekraft, og i tillegg til å tilby studium innan miljø og miljøvern blir det arbeidd målretta med miljøspørsmål på campus og i lokalsamfunnet. St. Olaf ønskjer å gje studentane dei beste føresetnader for livet etter eksamen, og president David Anderson presenterte the Main Street Initiative for Kongeparet. Dette er eit opplegg for å hjelpe studentar i planlegginga av liv og karriere etter at dei er uteksaminerte frå colleget.

Kongen og Dronninga besøkte òg norskklassen og snakka med nokre av studentane der, før dei fekk møte både studentar og tilsette i ei mottaking i the Heritage Room. Kongeparets besøk vart avslutta i kapellet, der Kong Harald heldt ein tale. Her kom han med lovord om St. Olafs, både for det høge akademiske nivået og for engasjementet i samfunnet omkring:

"Let me commend St. Olaf College for your achievements during the years. Today I know that you are regarded as one of the best liberal arts colleges in the nation. Indeed you reach out far beyond the classroom and into society at large with your famous choir and other important aspects of the institutions life."

Mayo Clinic

Mayo Clinic er ein ideell organisasjon som driv helserelatert forsking og utdanning, i tillegg til eit stort nettverk av sjukehus og klinikkar. Dei er kjende for sin høge kvalitet og fokus på pasienten. Mange som kjem til ein Mayo-klinikk, har ikkje fått nokon ordentleg diagnose tidlegare eller har ikkje fått tilstrekkeleg behandling hos andre legar.

I ettermiddag besøkte Kong Harald og Dronning Sonja hovudkvartereret deira, the Gonda Building, i Rochester. Presidenten i selskapet, dr. John Noseworthy, ønskte Kongeparet velkommen og orienterte om arbeidet og visjonen til organisasjonen. Kongen og Dronninga fekk møte fleire av legane ved hovudkvarteret, nokre av dei med norsk tilknyting, og fekk høyre om arbeidet deira på ulike område.

Reisa videre

Kongeparet har ikkje offisielt program i morgon, laurdag, men vil søndag besøkje Augsburg College i Minneapolis. Dei vil òg vere til stades ved ei mottaking hos guvernøren i Minnesota, Mark Dayton, og ved ein offisiell bankett der Noregs ambassadør til USA er vertskap.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook