Feirar Dronning Margrethe
Gallamiddagen blir halden i Riddersalen - den største av representasjonslokala. Salen er dekorert med motiv frå Danmarks tusenårige historie og tre store måleri som symboliserer den lovgjevande, den utøvande og den dømmande makta.
Helsa frå balkongane
Klokka 12.00 i formiddag overvar dei Kongelege vaktskiftet på Amalienborg slott. Amalienborg består av fire nesten like palé, som omkransar ein åttekanta plass. På slottsplassen hadde det samla seg tusenvis som ønskte å helse Dronning Margrethe og Prins Henrik. Den danske Kongefamilien kom ut på balkongane i Christian IXs palé og vinka til dei mange frammøtte.
Festgudsteneste
Tidlegare på dagen var Kongeparet og Kronprinsparet til stades ved festgudstenesta i slottskyrkja på Christiansborg.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.