Hopp til hovedinnhold

Skiskyting i Kollen

Hans Majestet Kong Harald var til stades under World Cup i skiskyting i Holmenkollen denne helga. I dag kunne Kongen ta imot Emil Hegle Svendsen til det tradisjonsrike besøket på Kongetribunen.

05.02.2012

Hegle Svendsen vann dagens fellesstart for herrar etter fleire sterke løp dei siste dagane. Damenes fellesstart vart vunne av Andrea Henkel.

Laurdag var det jaktstart for damer og herrar. Det vart tysk siger i begge løpa, med Magdalena Neuner først blant damene og Arnd Peiffer først etter herranes 12,5-kilometer.

Holmenkollmedaljen

Men det vart delt ut fleire utmerkingar i dag. Holmenkollmedaljen er den høgaste utmerkinga som blir delt ut for idrettsprestasjonar på ski i Noreg. Medaljen har vorte delt ut sidan 1895, men først frå 2011 var også utøvarar innan skiskyting aktuelle for dennen utmerkinga.

Holmenkollmedaljen blir tildelt utøvarar som har oppnådd framståande resultat gjennom fleire år. Internasjonale topplasseringar er ein føresetnad, og det blir teke særleg omsyn til resultata i Holmenkollrenna. I tillegg skal utøvaren vere ein ypparleg representant for idretten sin.

Det var Magdalena Neuner og Emil Hegle Svendsen som tok imot Holmenkollmedaljen i dag.
 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook