Hopp til hovedinnhold

Mange gratulasjonar

Tysdag den 21. februar fylte Hans Majestet Kong Harald 75 år. Mange nytta høvet til å sende ei helsing gjennom gratulasjonsprotokollen her på Kongehuset.no, og mange barn sende teikningar til Kongen.
22.02.2012

Eit utval av teikningane er publisert på Kongehusets barnesider, med løyve frå dei føresette. Sjå desse og mange andre fine teikningar Kongen har fått, via peikaren til høgre.
 

Elektronisk protokoll

Den elektroniske protokollen var open frå klokka 09.00 til midnatt og tok imot over 2100 helsingar. Følg peikaren til høyre for å lese dei. Ei utskrift av protokollen vil bli lagd fram for Kongen.
 

Feiring av jubilea

Kongen og Dronningas 75-årsdagar vil bli feira ved ei felles markering 31. mai. Det blir lagt opp til festgudsteneste om formiddagen og folkefest på Operataket om kvelden.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook