Hopp til hovedinnhold

Prinsesse Astrids beskyttarskap

Ordninga med beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet. Normalt blir det innvilga beskyttarskap for ein periode på fem år.


Prinsesse Astrid, fru Ferner, har desse faste beskyttarskapa:

  • Foreningen for kroniske smertepasienter
    Foreininga arbeider for at kroniske smerter skal bli aksepterte og prioriterte som eit alvorleg problem og for å hjelpa smertepasientar til å meistra livssituasjonen sin.
    kroniskesmerter.no/

  • Inner Wheel Norge
    Inner Wheel er ein av dei største kvinneorganisasjonane i verda med fokus på kvinner og barn. Organisasjonen arbeider for å fremja vennskap, hjelpsomhet og internasjonal forståing.
    innerwheel-norge.org

  • KFUK-hjemmet i London
    Tilbyr overnatting, norsk mat og samvær for norske jenter i London.
    kfukhjemmet.org.uk/

  • Dissimilis Norge
    Dissimilis arbeider for å skapa livskvalitet for menneske med utviklingshemming og funksjonsnedsetjingar gjennom å tilby kulturaktivitetar som gir positive opplevingar, meistring og anerkjenning.
    Dissimilis.no

  • Norges Dysleksiforbund
    Forbundet jobbar for alle med lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar og språkvanskar.
    dysleksinorge.no/

  • Norges Kvinne- og Familieforbund
    Forbundet arbeider for å styrkja posisjonen til familien gjennom tiltak som gir tid og moglegheit til omsorg for kvarandre.
    kvinnerogfamilie.no/

  • Norges Lotteforbund
    Noregs Lotteforbund utdannar kvinner til teneste, til dømes innan Heimevernet eller Sivilforsvaret.
    lottene.no/

  • Norsk TotalforsvarsForum
    Fram til 2019 Kvinners Frivillige Beredskap. Eit forsvarsrelatert samarbeids- og interesseforum for organisasjonar og enkeltpersonar som er opptekne av samfunnstryggleik og beredskap.
    totalforsvar.no/

  • Norske Kvinners Sanitetsforening
    Sanitetskvinnene fremjar helsa og levevilkåret til kvinner, bidreg til ein inkluderande oppvekst og skaper trygge lokalsamfunn.
    sanitetskvinnene.no/

  • Oslo Kunstforening
    Foreningens hovudmål er å støtta norske kunstnarar og presentera internasjonale kunstnarar som ikkje har vorte vist i Noreg før.
    https://www.oslokunstforening.no/

  • Stiftelsen 3,14
    Stifting for samtidskunst som løfte fram internasjonal, samfunnskritisk kunst frå heile verda.
    kunsthall314.art/

  • Trondheim Symfoniorkester & Opera
    TSO formidlar eit breitt spekter av musikk på høgt kunstnarisk nivå og bidreg til å fremja den allmenne interessa for musikk lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
    tso.no/

 

 

24.05.2023

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook