Hopp til hovedinnhold

Kong Oscar I (1799-1859)

Oscar I overtok trona i Sverige og Noreg etter faren Carl Johan i 1844. Han tok valspråket ”Rett og sannhet”. Han var gift med Joséphine av Leuchtenberg, og saman hadde dei fem barn. To av sønene deira vart kongar av Noreg og Sverige.

Oscar I vart krona i Sverige i 1844, og ei norsk kroning vart planlagd sommaren 1847. Tidspunktet vart flytta, først til 1848 og så på ubestemt tid. Den eigentlege årsaka til forseinkingane var at Hans Riddervold, biskopen i Nidaros, ikkje ønskte å krone ei katolsk dronning. Etter ei rekkje utsetjingar lét ein saka stilt renne ut i sanden. Oscar I og Dronning Joséphine vart aldri krona i Noreg.

Noregs plass i unionen

Oscar I hadde stor interesse for Noreg og snakka både norsk og svensk. Alt i 1824 hadde han vorte utnemnd til norsk visekonge og hadde budd i eit halvt år i Noreg etter utnemninga. Visekongen leidde regjeringsmøta og gjorde eit godt inntrykk.

Kong Oscar tok ofte parti for Noreg i saker der likeverdet i unionen var markert. Ei av dei første handlingane hans som konge var å anerkjenne det sjølvstendige norske flagget, med unionsmerket i hjørnet.

Kong Carl Johan hadde alltid vorte kalla ”Konge av Sverige og Norge”. Kong Oscar I vart frå første år kalla ”Konge av Norge og Sverige” i saker som vedkom Noreg.

Oscar I gjennomførte òg andre reformer som gjorde Noreg meir jamstilt med Sverige, noko som gjorde han svært populær i Noreg. Blant anna innstifta han Noregs første orden, St. Olavs orden, i 1847.

Reformer

Oscar I var ein svært skolert og opplyst mann. Han var òg langt meir liberal enn far sin, Carl Johan, og ei rekkje sosiale og politiske reformer vart gjennomførte i regjeringstida hans. Blant dei viktigaste var ei humanisering av straffelovgjevinga, lik arverett for menn og kvinner, og ein ny fattiglov. Han hadde sjølv skrive boka ”Om straff og Straffeanstalter”, også kalla ”Gula boken”, som argumenterte sterkt for ei humanisering av fengselsvesenet.

Utanrikspolitisk vende han seg mot vest. Kong Carl Johan hadde ført ein svært russiskvennleg politikk. Med Oscar I fekk den norsk-svenske politikken ei klar orientering i retning av vestmaktene.

Det kongelege slottet

Da Oscar I overtok trona, nærma Slottet seg fullføring. Det nye kongeparet deltok i planlegginga av innreiinga i samarbeid med arkitekten og slottskommisjonen. I 1849 stod endeleg Slottet ferdig, og Kong Oscar kunne stå for den offisielle innviinga 26. juli.

Både Kong Oscar og Dronning Joséphine var svært kunstinteresserte, og dei la grunnlaget for den fine samlinga av eldre norsk kunst som finst på Slottet.

Oscarshall

Det fremste monumentet over kunstinteressa deira er likevel lystslottet Oscarshall, teikna av Johan Henrik Nebelong og oppført i nygotisk stil mellom 1847 og 1852. Kongeparet ville med oppføringa av dette bygget fremje norske kunstnarar og gje nasjonen ”ein verdig heim for norsk kunst og norsk kunsthandverk”.

Oscarshall vart pussa opp og ført attende til sin opprinnelege stand i 2009 og er opent for publikum om sommaren.

St. Olavs kyrkje

Den katolske Dronning Joséphine engasjerte seg sterkt - personleg og økonomisk – i oppføringa av St. Olavs kyrkje i Oslo. Kyrkja vart teikna av Heinrich Ernst Schirmer og innvigd i 1856, som det første katolske kyrkjebygget reist i Noreg etter reformasjonen.

Det var òg ho som skaffa Olavs-relikvien til kyrkja. Relikvien vart oppbevart på det danske Nationalmuseet i København. Dronninga vende seg personleg til den danske kongen og bad om relikvien i gåve. Kong Frederik VII etterkom ønsket. I august 1862 vart relikvien ført i høgtideleg prosesjon inn i St. Olavs, der han sidan har kvilt under Maria-alteret.

Humanitært arbeid

Dronning Joséphine hadde eit stort sosialt engasjement og interesserte seg for ei rekkje velgjerdsprosjekt. Før ho døydde, testamenterte ho store delar av formuen sin til humanitære stiftingar i Noreg og Sverige. Ho la dermed grunnlaget for den innsatsen for velgjerdsarbeid som dei seinare norske dronningane har stått for.

 

30.10.2009

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook