Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen i Lofoten

H.K.H. Kronprins Haakon deltok i dag på Dignity Day på Vest-Lofoten videregående skole i Leknes.

12.04.2012

Dignity Day er eit totimars skoleopplegg som skal bevisstgjere ungdom på kva verdigheit er, og korleis verdigheit vedkjem oss alle i kvardagen.

På slutten av dagen samla 280 elevar, lærarar og rettleiarar seg i gymsalen i Lekneshallen. Femten elevar delte historier i plenum, der dei fortalde om noko bra dei har gjort for andre eller andre har gjort for dei.

- Det krev mykje mot å stå her oppe, understreka Kronprinsen, som sjølv leidde den føregåande samtalen i eitt av klasseromma.

Kronprins Haakon uttalte òg at det var godt å vere tilbake i Lofoten og den fantastiske naturen her. Ein liten bit av den nordnorske naturen fekk Kronprinsen med seg heim, i form av ein skarv i smijern. Rektor Søren Fredrik Voie og elevrådsleiar Emma Bentsen overrekte skarven som gåve frå skolen – den same gåva Kong Olav fekk under sitt besøk i Lofoten i 1963.

Global Dignity Day

Besøket er ein del av oppkøyringa mot den landsomfattande markeringa av Global Dignity Day 17. oktober. I fjor deltok 27 000 elevar frå 143 vidaregåande skolar i Noreg. Sentralt i opplegget står rettleiarar frå eit breitt spekter av frivillige og ideelle organisasjonar.

Arbeidet med å gjennomføre Global Dignity Day i Nordland blir leidd av Nordland Røde Kors.

Meir enn 50 land

Kronprins Haakon etablerte Global Dignity i 2006 saman med professor Pekka Himanen frå Finland og leiaren av Operation Hope, John Bryant frå USA. Sidan den gongen har det vorte arrangert såkalla Dignity Days i meir enn 50 land verda over.

Global Dignity er ein uavhengig, ideell og politisk nøytral organisasjon. Visjonen til Global Dignity er å verkeleggjere den universelle retten alle menneske har til å leve verdige liv. Global Dignity har tre formål: å fremme verdigheitsbasert leiarskap, å stimulere til ein global samtale om verdigheit – og å engasjere ungdom i kor viktig verdighet er.
 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook