Hopp til hovedinnhold

Skolebesøk i Bergen

H.K.H. Kronprins Haakon var hovudinnleiar da Dignity Day vart arrangert på Stend videregående skole i bydelen Fana i Bergen onsdag. Eleven Robin Wright var den første til å fortelje si verdigheitshistorie.

03.05.2012

Robin Wright i tredje klasse fortalde ein fullsett sal på Stend vidaregåande skule i Bergen at han likar å ta buss. Som rullestolbrukar var det tidlegare umogleg å nytte seg av busstilbodet i Bergen. Han kom seg ikkje opp og ned trapper. Med nye universelt utforma bussar på plass vart det lett tilgang for rullestolar.

– No kan eg ta buss. Og det er verdfullt for meg, sa Robin Wright til medelevane.

Etter ei times økt i klasseromma møttest elevane igjen i gymsalen, der eit tjuetal elevar fortalde sterke historier om venner som har stilt opp gjennom ei tøff tid, om lærarar som har vist omsorg, om mobbing og om mot til å seie at nok er nok, og om kor godt det kjennest å kunne hjelpe nokon.

Korleis ønskjer vi å ha det?

- Når vi deler slike historier, set vi i gang ein refleksjon rundt korleis vi ønskjer å leve liva våre, men òg om kva slags samfunn vi ønskjer oss, og kva slags miljø vi ønskjer oss, på skolen og rundt oss. Det å setje av litt tid til å tenkje over desse tinga – kva er det eg synest er viktig – det trur eg er ei øving vi alle har behov for og nytte av å gjere, sa Kronprinsen på eit pressemøte etter besøket.

Vidare til Vestfold

Torsdag er det Re videregående skole i Vestfold som held Dignity Day. Rundt 250 elevar vil bruke ein halv skoledag til å snakke om verdigheit og kva det betyr for dei. Kronprins Haakon vil leie samtalen i ein av klassane.

Kva er Dignity Day?

Dignity Day er eit to timars undervisningsopplegg der ungdom diskuterer omgrepet verdigheit: Kva er det for dei? Korleis vedkjem det oss alle? Korleis bruke den viktigaste ressursen vår – livet vårt – til å styrkje vår eiga og andre si verdigheit? Kronprins Haakon er ein av initiativtakarane til Global Dignity. Han har òg ei sentral rolle i gjennomføringa av Global Dignity Day i Noreg saman med stiftinga Global Dignity Norge, landets vidaregåande skolar og ei rekkje frivillige og ideelle organisasjonar.
 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook