Hopp til hovedinnhold

En folkefiende i Oslo

Kvart andre år opnar Ibsenfestivalen haustsesongen på Nationaltheateret. I kveld opna Den Høgvørde Kronprins Haakon og utanriksminister Jonas Gahr Støre festivalen, som har urpremieren på framsyninga "En folkefiende i Oslo" øvst på plakaten.
23.08.2012

Bestillingsverket frå Rimini Protokoll er bygd over Ibsens "En folkefiende" og har hundre representantar for befolkninga i Oslo i hovudrolla. Stykket handlar om Oslo, om oss alle, om folkeopinionen, om gruppepress og enkeltmenneskets ansvar. Kva ville kvar og ein av oss gjort dersom vi oppdaga ròtenskap i byen? Kva ville vi vore villige til å ofre for sanninga?

Spørsmåla Henrik Ibsen stilte sin doktor Stockmann overfor i 1882, er like aktuelle i dag, når nytolkinga stiller skodespelarar og publikum overfor tilsvarande val.

Opning framfor Nationaltheatret

Den offisielle opninga av festivalen vart halden på plassen framfor hovudinngangen til teateret. Teatersjef Hanne Tømta la ned krans på statuen av Henrik Ibsen, og utanriksministeren heldt ein opningstale der han la vekt på kva Ibsen har betydd for Noreg og verda.

Deretter vart dørene til teateret slått opp, og Kronprinsen markerte opninga av festivalen ved å vere den første som gjekk inn. Her fekk Kronprins Haakon og Gahr Støre ei innføring i stykket og regigrepa som er gjorde i denne moderne nytolkinga av Ibsens klassikar, før sjølve framsyninga starta klokka 20.00.

Ein hyllest til Noregs største dramatikar

Ibsenfestivalen har utforska Ibsens verk i over 20 år og presentert publikum for nærare 200 ulike oppsetjingar. Årets festival er den 13. i rekkja og byr på 10 premierar, 8 gjestespel og meir enn 45 arrangement på 14 ulike scenar. Blant framsyningane er tolkningar av Peer Gynt, Villanden og Et dukkehjem, i tillegg til stykke av andre dramatikarar. Årets Ibsenfestival varer frå 23. august til 9. september.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook