Ultima opnar i kveld
I dag går startskotet for årets Ultima Nordens største festival for samtidsmusikk. H.K.H. Kronprins Haakon er festivalens beskyttar, og i kveld er han til stades under opningskonserten i Oslo Rådhus.
Festivalen opnar med ein konsert med rom som tema - virtuelle rom, resonansrom og rørsler i rom. Ultima beskriv konserten som «et mestermøte mellom to av Norges ledende ensembler og to av Nordens fremste unge komponister. Oslo Sinfonietta og Det Norske Solistkor urfremfører Gradients av Ignas Krunglevicius, og Black Box Music signert Simon Steen-Andersen. Det hele bindes sammen av Morton Feldmans klassiker Rothko Chapel fra 1971».
Tek heile byen i bruk
Ultima har vore arrangert sidan 1991 og fekk knutepunktstatus i 2006. Festivalen er ein sentral arena for samtidsmusikken og gjev viktig internasjonal profilering av norske komponistar og utøvarar. Programmet er prega av stor breidd, og Ultima er kanskje den festivalen som samlar flest musikalske nisjar under same paraply.
Ultima utspeler seg over heile Oslo dei neste ti dagane. Det blir konsertar på store scenar som Operaen, Oslo konserthus og Aulaen – men òg på små klubbar, butikklokale, industrilokale, museum, skolar og utandørs.
Lydkunst i Borggarden
Når Kronprinsen kjem til Borggarden i dag, vil han bli møtt av lydinstallasjonen A Piano listening to Itself av lydkunstnar og komponist Gordon Monahan.
Med utgangspunkt i Arne Nordheims Listen utforskar installasjonen kva som skjer når eit piano lèt seg styre av vêret og omgjevnadene elles. Lydinstallasjonen opnar i kveld, og vil "resonnere stillferdig og gratis" for alle forbipasserande kvar dag i heile festivalperioden.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.