Hopp til hovedinnhold

Opna Oslo Bokfestival

Mange menneske var møtte fram da Oslo Bokfestival vart offisielt opna av H.K.H. Kronprinsessa i ettermiddag. NRK-profil Petter Schjerven leidde programmet i Spikersuppa.
14.09.2012


Ein samla bokbransje står bak den årlege festivalen, som har vore halden sidan hausten 2010. Den norske forleggerforening og Den norske bokhandlerforening står som arrangørar av festivalen, og forlag, bokhandlarar og bokklubbar er alle involverte i arbeidet med å lage Noregs største bokfestival.


Festivalen byr på eit spennande program gjennom heile helga, med høgtlesing for både vaksne og barn, foredrag og diskusjonar. Delar av festivalen går føre seg på filialar av Deichmanske bibliotek og scenane i byen, men hovudprogrammet går i Spikersuppa og på Karl Johan.


Eg sit og les ein diktar …

Kronprinsessa valde å opne festivalen ved å lese eit utdrag frå romanen «Malte Laurids Brigges opptegnelser» av forfattaren Rainer Maria Rilke (1875-1926).


Andre som bidrog under opningsarrangementet, var forfattarane Unni Lindell, Henrik Landeland, Merethe Lindstrøm og Ragnar Hovland.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook