Hopp til hovedinnhold

Kickoff for årets TV-aksjon

«Stå opp mot urett» har Amnesty kalla årets TV-aksjon. Sjølve aksjonen går av stabelen 21. oktober, og i kveld deltok Kronprins Haakon under eit kickoff på Tjuvholmen i Oslo.

09.10.2012


Kronprinsen er beskyttar for aksjonen.

100 000 frivillige

Det er behov for 100 000 bøsseberarar for kunne banke på hos alle husstandar søndag om 12 dagar. Denne store, frivillige innsatsen løfta Kronprins Haakon fram i appellen sin i kveld:

Frivillige i alle fylka i landet er alt godt i gang med å planleggje organiseringa av aksjonen. Det er eit imponerande arbeid som eg er stolt over å vere beskyttar for, sa Kronprinsen.

Det vart òg halde appellar av generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty Noreg og to av dei som frontar årets aksjon – Sigrid Bonde Tusvik og Cecilia Brækhus.

Ole Paus og Disaster of the Universe varma opp til 21. oktober med musikk under kickoffarrangementet.

Viktige formål

Retten til å meine, tru og seie kva ein vil, er universell, men i mange land straffar det seg å heve stemma. 

Ytringsfridom og religionsfridom er universelle rettar og nedfelte i Menneskerettsfråsegna. Likevel opplever menneske i store delar av verda at desse grunnleggjande rettane ikkje blir respekterte. Det skal vi gjere noko med 21. oktober, sa Kronprinsen i appellen sin.

Pengane som blir samla inn, skal blant anna gå til å etterforske og dokumentere overgrep, undervise i menneskerettar, fremje rettane til kvinner og minoritetar og jobbe for å få sett fri ulovleg fengsla gjennom aksjonar, kampanjar og merksemd.

Amnesty

Amnesty er den største menneskerettsorganisasjonen i verda med 100 000 medlemmer og støttespelarar berre i Noreg.

Det er tredje gong Amnesty får TV-aksjonen. Sist det skjedde, var i 1999, og Prinsesse Märtha Louise var beskyttar for aksjonen.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook