Tv-aksjonskomiteen på Stovner
Om to dagar er det klart for årets tv-aksjon. Den Høgvørde Kronprins Haakon besøkte torsdag Stovner Frivillighetssentral, der det vart jobba aktivt med å verve dei siste bøsseberarane og planleggje den store aksjonsdagen.
Kronprinsen vart vist rundt på frivilligsentralen av byaksjonsleiar Agnethe Kristin Mikkelsen i Oslo og komitéleiar Emilie Rygh Hestness.
Det lukta vaflar og kaffi. På borda låg Amnesty-buttons med slagordet for årets tv-aksjon, «Stå opp mot urett». Inst i rommet hang eit banner med påskrifta «Å elske er en menneskerett». På borda jobba frivillige med å registrere og verve nye bøsseberarar, fargeleggje og dele inn i roder og klargjere ID-kort.
Fleire bøsseberarar
For at alle husstandar i Noreg skal få besøk søndag 21. oktober, er aksjonen avhengig av 100 000 bøsseberarar. I fjor mangla Stovner bydelskomité 30 bøsseberarar for å kunne få besøkt alle. Torsdag hadde komiteen registrert like mange bøsseberarar som roder. Dei mangla berre 20 for å ta unna for det vanlege forfallet på sjølve aksjonsdagen.
I tillegg til å få eit innblikk i dei siste førebuingane før aksjonsdagen fekk Kronprinsen ei orientering av byaksjonsleiaren om pilotprosjektet til komiteen på Stovner, der målet er å skape engasjement for tv-aksjonen på tvers av kultur og etnisitet.
Vaffel og kaffi
Etter omvisinga vart det tid til å teste ut årets vaffelrøre som bøsseberarar får servert på søndag. Sigrid Wisløff og Kristen Lindgaard frå «60+»-gruppa ved frivilligsentralen hadde steikt vaflar og kokt kaffi til Kronprinsen og dei frivillige på sentralen. Kvar torsdag møtest mellom 50 og 70 personar i alderen 60+ for å gå tur og ete god mat saman. Wisløff brukte god tid til å fortelje om kor flott Stovner var, og om dei gode skiforholda i Lillomarka.
Amnesty
Inntektene frå årets tv-aksjon går til Amnesty og det viktige arbeidet deira for menneskerettar verda over.
Kronprinsen er beskyttar for årets tv-aksjon og deltok blant anna på eit kickoffarrangement for aksjonen på Tjuvholmen 9. oktober. Der fortalde blant anna tidlegare politisk fange Ali Saki si sterke historie om tortur i fengsel og om håpet som vart tent i han da Amnesty engasjerte seg i saka hans.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.