Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Homofili og islam

H.K.H. Kronprinsessa var måndag til stades ved ei spesial framsyning av filmen ”Gender me” om homofili og islam på Vika kino i Oslo.

14. januar 2008

I tillegg til framsyning av den norsk-tyrkiske regissøren Nefise Özkal Lorentzens film, var det kulturelle innslag og foredrag.

Iranske Manour Saberi har budd i Noreg i 18 år, og er ein av hovudpersonane i dokumentarfilmen. Etter framsyninga fortalte han om sine personlege erfaringar med å leve som homofil i Iran – og i Noreg.

Daayiee Abdullah, som er imam og busett i Washington, heldt foredrag frå sin ståstad som ein av dei få opne homofile imamar i verda.

Fritt Ord var arrangør, og arrangementet var eit ledd i Mangfaldsåret 2008.

Etter arrangementet møtte Kronprinsessa fleire av dei som medverka i filmen.

Kronprinsessen ankommer visningen av Gender Me! (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)